To Esso-stasjonar letta for tobakk same natta

To Esso-stasjonar raida same natta. På Hafslo og Hermansverk har brotsmenn gjort reint bord for tobakk natta til i går. Dei har kome seg unna med verdiar for mellom 70 og 100.000 kroner. Stasjonen på Hermansverk erobra dei like godt med sleggje og vinkelslipar.

Publisert 03.10.2000 kl. 16.32. Oppdatert kl. 16.43.
Inn i fyrrommet, gjennom ein massiv murvegg, forbi batteriskapet, inn i verkstadhallen og tvers gjennom ei avstengd og bortgøymd dør. Slik kom dei fram til varene i Esso-stasjonen på Hermansverk.

Medrekna Esso-brekket i Balestrand før helga er tre stasjonar raida på få dagar. Målet er som alltid, tobakk. Norsk avgiftspolitikk har gjort tobakken super-attraktiv i det kriminelle miljøet. Brotsmenn som har gjort seg ei nisje på tobakksraid kan truleg gle seg over nye avgiftspåslag i dagens statsbudsjett.

Fire mil mellom
Det er 37 kilometer mellom dei to stasjonane, ikkje større avstand enn at ein kan vitja båe, ikkje gjennom døra, men gjennom murvegg og takvindauge.
Lensmannsbetjent Knut Røneid opplyser at tjuvane har kome seg vekk frå Hafslo med tobakk for 25.000 kroner, samt sigarettpapir, snus og sjokolade, og bilstereoutstyr, alt saman verdt omlag 35.000 kroner.

Takvindauga
– Korleis kom brotsmennene seg inn i Esso-stasjonen på Solpen?
– Så langt me kan sjå har dei kome inn ved å bryta opp eit takvindauga.
– Når har det skjedd?
– Mellom midnatt og klokka 06.30, seier Knut Røneid, som ikkje har spor så langt etter tobakktjuvane.
Både på Hermansverk og Hafslo har brotsmennene klipt av det dei trudde var alarmkoplingen. Men på Hermansverk var det telekabelen som vart kappa og på Hafslo gjekk straumen til lys og data.

Ikkje alarmustyrde
Det er på det reine at ingen av dei to stasjonane var utstyrde med alarm.
– Alarm er det einaste effektive svaret mot slikt, seier lensmannsbetjenten, og viser til Pyramiden i Gaupne som var ille plaga, men som har fått fred etter at alarmen vart montert.
Tidleg i går føremiddag var montør på plass for å kople på att telesambandet til Esso-stasjonen på Hermansverk. Koplinga var kutta i forkant av innbrotet.

Var bra utstyrde
På Hermansverk har brotsmennene hatt arbeidsro på sjøsida av anlegget. Dei har teke seg inn i fyrrommet, der har dei i fred og ro teke fram utstyret som skulle hjelpa dei gjennom murveggen.
– Det ser ut til at tobakken har vore det primære målet, seier lensmann Håvard Stensvand, som konstaterer at dei som vitja Esso-stasjonen på Hermansverk natta til tysdag viste monaleg vilje til å oppnå det dei hadde i sinne.
Ein veit ikkje sikkert kor mykje tobakk som er borte frå stasjonen på Hermansverk. Men hyllene var brukbart fulle.

Gjorde stor skade
Esso på Hermansverk venta tobakklevering ein av dei næraste dagane. Brotsmennene kunne såleis har fått med seg endå større utbyte om dei hadde utsett brekket.
– Me er fråstolne tobakk for fleite titusen, i tillegg kjem dei store fysiske skadene som er påført bygg og inventar, seier Bjarne Haugen, som ved middagstider i går var i full gang med å rydda opp.

Ynskjer opplysningar
Men kvifor berre Esso-stasjonar? Stasjonane i Balestrand, Hermansverk og Hafslo har det til felles at dei er brukbart lokaliserte for nattvitjing. Slikt merkar ein seg i denne bransjen.
Ved båe lensmannskontora ynskjer dei kontakt med personar som har vore nær dei to stadene, Stolpen på Hafslo og Hermansverk, natta til i går.


Les meir om: Nyhende