Nybakt mor skremd midtfjords

Liaros skapte seg rebelsk 20 meter frå fjøsdøra, rømde frå den fire dagar kalven, bykste tre gjerde og stakk til fjords.

Publisert 02.10.2000 kl. 16.16. Oppdatert kl. 16.45.
Bonden fann den fire år gamle kua igjen midt utpå Sognefjorden.
Liaros tok ikkje skade av å kjøle seg ned på den sommarvarme
dagen på tampen av september.

Texas i hagen
Den nyfødde oksekalven fekk oppleve ei mor med temperament.
Eller fekk Liaros eit snev av fødselsdepresjon på veg heim til båsen
på Hermansverk?
Uansett vart det litt av eit texas i frukthagane i hallet ned mot
Sognefjorden laurdag. Erling Gjerde, ein av bygdas to
mjølkeprodusentar, har ikkje opplevd maken.

Spreke
Bonden såg til Liaros måndag kveld. Den drektige kua, på beite i
Havrane 5-600 meter over havet, kalva under open himmel
sannsynlegvis dagen etter.
Bønder på sauejag observerte begge i finfin form laurdag
føremiddag. Ku og kalv rusla sjølv nedover den halv time lange
etappen mot Fadnastølen.
– Eg fekk melding og var framme og henta dei. Kalven var i storform
og hadde ingen problem med å halde følgje med mora nedover
bakkane, seier Erling Gjerde.
- Men harmonien heldt ikkje ut dagen?
– Eg veit ikkje kva som skjedde, kanskje har eitt eller anna skremd
Liaros. Ho skapte seg tylen i gardstunet og bykste det næraste
gjerdet og forsvann. Kalven stod att og hadde ingen sjanse å følgje
mora.

Auka tempoet
Heller ikkje eigaren var parat til å halde tritt med rømlingen. Liaros
bykste både to og tre gardar, svinga inn på vegen utom Njøsbrua og
hadde stø kurs mot Sognefjorden.
Kua tok seg inn på forsøksgarden på Njøs og skrudde farten opp
enno eit par hakk mellom rader med moden frukt.
– Dei sa tempoet var fælt og kua såg verken til høgre eller venstre då
riksvegen ved småbåthamna vart kryssa.

Kurs mot Feios
Liaros gav seg katten i eigaren, vabba ut i sjøen og la på paling. Den
kondisjonssterke kua staka ut Feios som neste destinasjon.
På land stod eigaren. – Eg tenkte: Dette er siste gongen eg ser
henne.
Erling Gjerde innsåg at noko måtte skje kvikt.
I småbåthamna brukte Arne Rosenlund den nydelege dagen til
friluftsliv. Båteigaren fekk med seg den sjeldne og heilt spesielle
episoden på direkten.
Rosenlund gav kueigaren skyss og la snekka i kjølvatnet etter Liaros.
Med friske symjetak småfossa det rundt den fire år gamle kua.
Tilfeldigvis kom Gunnar Svedal forbi med mindre båt. Farekosten
eigna seg betre i det våte møtet mellom eigaren og den firbeinte
rømlingen.

Problemfritt
På land stod eit lite hav med publikum, bilistar stogga og glana men
såg ikkje anna enn eit par båtar og blå sjø. Ikkje særleg spennande
med andre ord.
– Vi var såpass langt i frå land at ingen såg kua, forklarer bonden.
Redningsduoen i båten hadde full kontroll. Erling Gjerde heldt kua i
sjakk med ei grime medan Gunnar Svedal heldt fartyet godt under
dorgefart på veg inn til land.

– Publikum var vitne til ein problemfri redningsaksjon. Liaros vabba i
land og var nett like sprek. Dessutan kunne den gå helga nyvaska i
møte, seier Erling Gjerde.


Les meir om: Nyhende