Attraktive bustader på sal

To statseigde, attraktive bustader med strandtomt kan koma på sal i kommunen. Det gjeld fylkesmannsbustaden og politimeisterbustaden.

Publisert 02.10.2000 kl. 17.10. Oppdatert kl. 16.45.
Salet har samanheng med at departementet avviklar ordninga med embetsbustader. Utover dette har fylkesmannsembetet gjeve departementet melding om at dei ikkje lenger vil ha bruk for fylkesmannsbustaden når fylkesmannen flytter i eige hus rundt årsskiftet. Politimeisterbustaden har ikkje vore brukt av politimeisteren på mange år, og bustaden vert heilt uaktuell når Sogn politikammer har flytta til Sogndal.

Opp til statsbygg
Det er opp til Statsbygg å avgjera om dei to embetsbustadene skal seljast, seier administrasjonssjef hjå fylkesmannen, Jostein Fondenes, til Sogn Avis.

Gjennomgangsbustader?
Han reknar det som rimeleg sikkert at politimeisterbustaden blir seld. Når det gjeld fylkesmannsbustaden kan det bli aktuelt med sal. Men det kan og bli aktuelt med ei ombygging av bustaden til gjennomgangsbustader for tilsette hjå fylkesmannen. Det siste er førebels ikkje avklara. Det skal Statsbygg vurdere før eventuell utlysing, seier han.

Tidlegare er vegsjefbustaden i Leikanger seld. På det tidspunkt salet fann stad var det svært mange år sidan bustaden var brukt av vegsjefen.
Tidlegare var embetsbustadene svært rimelege og låg inne som ein komponent i løna til embetsmennene. Men den tida er for lengst slutt. I dag betalar embetsfolka full marknadsleiga for bustadene staten tilbyr dei. Då ynskjer dei fleste å bu i eigne husvære.


Les meir om: Nyhende