Kaldakari dreg turistskip til Sogndal

Kaldakari-effekten uteblir ikkje. Som eit direkte resultat av prosjektet har Bennet lagt opp til anløp av tre cruiseskip i Sogndal neste sommar.

Publisert 02.10.2000 kl. 17.15. Oppdatert kl. 16.45.
Det opplyser dagleg leiar i A/S Kaldakari, Bjørn Skovly, til Sogn Avis.
A/S Kaldakari veit førebels ikkje om dei får landingsløyve på Kaldakari
for helikopter. –Når det er innmeldt tre cruiseanløp til Sogndal
komande sommar ligg det inne ei forventning om at det skal bli gitt
løyve til landing på Kaldakari. Men dersom det ikkje skjer, vil det bli
køyrt eit opplegg som er identisk med det me gjennomførte sist
sommar, seier Skovly.

Dette betyr i praksis at det som alternativ vert lagt opp flygingar frå
Veitastrond over Austerdalsbreen, Langedalen og Kaldakari. Dette
vart gjennomført som prøveprosjekt for å skaffa erfaring. –Det fekk
me i rikeleg mon. Over 500 passasjerar nytta seg av tilbodet, seier
Skovly, som opplyser at største gruppa var på 77 passasjerar. På
den dårlegaste dagen vart det floge med tre passasjerar.

Dreg 2.400 passasjerar
Dei tre cruiseskipa som skal til Sogndal neste sommar har med seg
2.400 passasjerar. Ein del av desse vil nytta seg av
helikoptertilbodet. –Men det faktum at det kjem 2.400 turistar i
nyskapt trafikk til regionen indre Sogn, vil og gje eit stort potensiale
for reiselivet i regionen, seier Skovly. Han meiner dette er eit godt
høve til å sikra seg meirtrafikk for andre aktørar, som t.d.
Nigardsbreen, Urnes stavkyrkje, Sogn Folkemuseum, Bremuseet i
Fjærland og andre.

Millionomsetnad
Skovly viser til den tommelfingarregelen som er brukt fleire gonger,
og som viser at cruisepassasjerar i gjennomsnitt legg att 500 kroner
etter seg på ein dag i land. –Dette kan i praksis bety at me med ein
høvesvis beskjeden start som denne kan forventa ein million kroner i
auka omsetnad for regionen. I tillegg er det slik at cruisepassasjerar
som set pris på det dei møter ofte kjem att på ein annan måte, og
gjerne tek med seg familie og vener.

Må leggja til rette
–Nettopp av den grunn er det viktig at alle aktørar i regionen som har
noko å tilby startar planlegginga og legg til rette for at turistane kan få
det tilbodet som gjer at dei kan dra andre med seg ved seinare høve,
seier Skovly. Han opplyser at tingingane for neste sommar medfører
at dei no må planleggja tilleggsaktivitetar på Veitastrond som
ytterlegare kan styrke inntektene i bygda, både for dei etablerte og for
nyetableringar.

–Sjølv om det kan leggjast til rette for eit tilbod utan landingsløyve, er
det svært viktig at me får landingsløyve. Det er dette som gjev
grunnlag for å halda på turistane lenger, og som igjen blir eit viktig
element for at dei skal kunne få med seg dei tilleggsaktivitetane som
vert bygt opp rundt konseptet, seier Skovly.

Tok feil
Skovly finn grunn til å minna om at det statistiske materialet frå
flyginga denne sommaren viser at skeptikarane tok feil. –På 98 av
121 dagar har det vore godt flygever på Kaldakari heile dagen. 13
dagar har det vore mogleg å gjennomføre flyging på delar av dagen,
og berre på 9 av dei 121 dagane har det ikkje vore mogleg å fly, seier
Skovly, som opplyser at det i juli månad ikkje var ein einaste dag utan
flygever over toppen.

Han håper at dette er nok til å setja ein stogg for dei som har ynda å
framstilla prosjektet som håplaust på grunn av verforholda.

Veret ikkje problem
Skovly kan ut frå det som no føreligg av data slå fast følgjande. –Veret
er ikkje noko problem for flyginga. Etter tre år med registreringar viser
det seg at regulariteten er meir enn god nok til å vera akseptabel for
eit slikt prosjekt.

Ei ny undersøking viser og at veitastrendingane ikkje har
motførestillingar til flyginga. Av dei fastbuande ynskte 79 flyging, 12
var nøytrale, og ingen har skrive under på at dei er imot. Tre avsto frå
å skriva under. –Med bakgrunn i dette kan me slå fast at ei samla
bygd står bak prosjektet, seier Skovly.

Skovly legg og vekt på at hotella i distriktet ser på aktiviteten kring
Kaldakari-prosjektet som viktig. Han konstaterer og at aktiviteten med
trafikken sist sommar har gitt ein betydeleg effekt for
nærbutikken/kafeen som kan bidra til at denne vert oppretthalden.


Les meir om: Nyhende