Døypt med heimabrygg

Varaordføraren i Vik kommune døypte «Nordstjernen» med ekte, heimelaga kornøl – godt heimabrygg med andre ord. Dermed stod Erik Lidal (Sp) for ein aldri så liten verdenspremiere laurdag.

Publisert 02.10.2000 kl. 17.19. Oppdatert kl. 16.45.
– Sannsynlegvis har noko liknande aldri skjedd. Kapteinen om bord
var litt kry for at det var ekte heimelaga saker med kornsmak som
trefte skutesida. Detaljen vart notert i loggboka, seier hotellsjef Carl
André Riiber.

Hadde med ost
«Nordstjernen» gjennomførde jomfruturen mellom Bergen og Sogn
laurdag for ei god veke sidan. Båten får varm og våt velkomst ved kvar
nye hamn i Sognefjorden. Sist laurdag la kaptein Halvor Vinje det
staslege skipet inntil kaianlegget i Vik.

På land var oppmøtet regelrett flautt. – Det er synd reiarlaget ikkje vart
tidlegare ute med avisannonsen. Då vikjene fekk avisa i handa,
hadde båten alt lagt frå land. «Nordstjernen» drog vidare innover
fjorden klokka 11 på føremiddagen, forklarer Riiber.
Han var om bord og inspiserte frukostbordet. Idéen til ei gåve til
kaptein gav seg sjølv. – Eg såg ingen gammalost mellom pålegget,
seier Riiber som hadde med typen kilos.

Brukte eitt forsøk
Av kommunens nestfremste folkevalde fekk Vinje plakett med
kommunemotiv. Lidal, som fekk æra av å «døype» skipet, lukkast på
første forsøket. Med andre ord var vangsnesen langt, langt meir
effektiv enn døyparen i Leikanger kommune. Som kjent lukkast Jan
Erik Lie først i det sjuande forsøket.
– Vi helsar den nye konkurrenten velkommen. «Nordstjernen» tilfører
gjester og reisande eit tilbod vi ikkje har hatt på mange, mange år,
seier Riiber.
Hotellsjefen veit den utrangerte Hurtigruten blir med og
marknadsfører Sognefjorden i den internasjonale marknaden. –
Dess fleire aktørar vi er, dess betre, meiner Riiber.
– Sa kapteinen noko om Vikøyri?
– Han opplever Vik som ein av dei vakraste bygdene å leggje
skutesida inntil. Han drog spesielt fram det særeigne
strandsitjarmiljøet.

Vil samarbeide
Riiber presenterte dei mange godbitane Vik har å by fram. Mottakar
av infoen laurdag var dagleg leiar i Norwegian Fjord Steamers.
– Vi presenterte Vik som den perfekte stad når det gjeld kulturminne
og historikk. Nettopp dette er ein veldig viktige del av Vik sin image.
Riiber føler representanten frå reiarlaget tykte vel om destinasjonen
på Sørsida.
Og hotellsjefen ser for seg eit føreståande samarbeid i ly av
«Nordstjernen». – Vi ser for oss at Bergens-gjester som kjem hit
fredag kveld med buss, kan gå om bord i båten og oppleve ei
overnatting natt til søndag medan båtgjestene kjem hit opp og blir
våre gjester. Venteleg vil dette gi meir trafikk til bygda vår, håpar
Riiber.


Les meir om: Nyhende