Nytt sjansen

På rassikringskonferansen på Hermansverk, i regi av aksjonsgruppa for sikring av RV 55 Sogndal- Leikanger, kom det klar tale frå vegdirektøren.

Publisert 02.10.2000 kl. 17.26. Oppdatert kl. 16.45.
Han kvitterte for klagemåla over mangel på midlar til rassikring og sa
at ingen politikar kan reisa til Oslo og klaga over manglande midlar,
dersom dei ikkje gjennom dei prioriteringane dei sjølv gjer viser vilje
til å løysa dei prosjekta dei ser som dei mest presserande.

Det rår i det politiske miljøet ein kultur på at rassikring er ei statleg
oppgåve som kjem i tillegg til andre oppgåver på vegsektoren.
Fylkespolitikarar lever med ei forventning om at staten skal løysa det
dei ikkje viser vilje til å løysa sjølv.

I så måte kan utkastet til Nasjonal Transportplan vera ei god
påminning om kva utfordringar som ventar det fylkespolitiske miljøet i
den komande prioriteringsprosessen. Ikkje minst at
rassikringsoppgåver må løysast gjennom dei fylkesfordelte midlane.

I regjeringa sitt planutkast ligg det i komande fireårsperiode inne 440
mill. kroner i den fylkesfordelte ramma. Av dette skal 70 mill. kroner
gå til refusjon for Bremangersambandet. Det betyr at
fylkespolitikarane sjølve har hand om korleis 370 mill. kroner skal
brukast dei komande fire åra. Bruken vert avklara gjennom
utarbeiding av eit handlingsprogram, som skal politisk godkjennast
på fylkesnivå.

I utkastet til Nasjonal transportplan er det verdt å merka seg at
regjeringa har lagt klare føringer på at den fylkesfordelte ramma ikkje
skal nyttast til igangsetting av nye, store vegprosjekt. Derimot er det
sagt klart at trafikktrygging og rassikring skal prioriterast.

Og ikkje nok med det. I dokumentet er det peikt særskild på at
rassikring på rv 55 på strekninga Sogndal- Leikanger ventar på ei
løysing.
Ingen skal tvila på at det finst nok av prosjekt som vil bli trekt fram når
midlane skal fordelast. Men fylkespolitikarane kan ikkje distansera
seg frå vegdirektøren sin klare bodskap til rassikringskonferansen.
Og endå mindre til dei sterke føringane som er lagt frå regjeringa,
som konkret har peikt på eit rassikringsprosjekt som inngår i det
som er prioritert satsingsområde.

Unndreg fylkespolitikarane seg den klare bodskapen og avstår frå å
prioritera etter dei klare råda dei har fått, er det stor fare for at
presserande rassikringsprosjekt også i dei komande åra vil bli
ståande som uløyste utfordringar.

Det vil framstå som svært oppsiktsvekkjande om det fylkespolitiske
miljøet overser føringane i planen og ikkje nyttar den sjansen dei no
har fått til å løysa eit prosjekt som absolutt fortener prioritet.


Les meir om: Nyhende