Prestegarden i Jostedalen kan seljast

Endeleg ser det ut for at bygdelaget i Jostedalen får viljen sin. Medan styrtrike Opplyningsvesenets fond har stritta imot, har Kyrkjedepartementet no teke ei førebels avgjerd. Jostedal prestegard kan seljast.

Publisert 02.10.2000 kl. 17.31. Oppdatert kl. 16.45.
Att og fram og hit og dit og det dei fleste lustringar og jostedøler har
oppfatta som eit sirup-byråkrati utan vilje eller evne til å setja seg inn i
lokale forhold. Men no har Kyrkje-, utdannings- og
forskingsdepartementet gripe inn og gjeve bygdelaget og kommunen
eit positivt svar på alt arbeidet dei har lagt ned for å få prestegarden
vekk frå Opplsyningsvesenets fond si eige.

1-0 til bygdelaget
Jostedølene vil, til liks med dei andre bygdelaga i Luster, kjempa for
at auka busetnad, og i alle fall for å oppretthalda noverande folketal,
sjølv om også det kan verka noko ambisiøst i høve
sentraliseringsstraumane i samfunnet. I alle fall når ein må kjempa
mot vesen som Opplysningsvesenets fond. Dei skal ikkje skuldast
for å ha mål om å oppretthalda folketalet i Jostedalen.

Men det aktive bygdelaget og Luster kommune har i fellesskap teke
opp kampen mot opplysningsvesenet, og etter fleire rundar kan dei
no innkassera ein aldri så liten siger. Departementet si avgjerd for
kort tid sidan vil i klartekst seia at prestegarden skal seljast. Det er
akkurat det bygdelaget har etterlyst; at ein familie kan få ta over
prestegarden og driva jordbruk der.

Nøgd ordførar
At avgjerda byggjer på ei førebels vurdering har med det å gjera at
departementet vil at kommunen skal kunna sikra seg eventuelt areal
før prestegarden vert lyst ut for sal. Mellom anna kan det vera av
kommunen si interesse å sikra ein del areal til parkering og
gravplassar.
– Me er godt nøgde med den utviklinga saka no har fått og skal gjera
vårt for at saka ikkje stoppar opp, seier ordførar Ernst Veum. Han er
ikkje i tvil om at departementet si avgjerd kjem som følgje av det
politiske presset ein har utøvd mot Opplysningsvesenets fond og
departementet. Mellom anna tok Astrid Marie Nistad,
stortingsrepresentant for Ap, saka opp i Stortinget.

Ville splitta eigedomen
Opplysningsvesenets fond ville dela opp eigedomen dei forvaltar i
Jostedalen og selja eigedomen til fleire, for på det viset å få inn fleire
kroner i den frå før velfylte kassa dei disponerer. I tillegg til å forvalta
ei formue på kring tre milliardar kroner, sit dei på store aksjepostar i
store, norske industriselskap, mellom andre Orkla.
Opplysningsvesenets fond vert styrt etter ei lov frå 1800-talet, der det
mellom anna heiter at dei skal driva opplysning til kyrkja sitt beste.

No ser det i staden ut for at bygdelaget i Jostedalen skal få viljen sin.
Dei veit at det finst interesserte kjøparar til prestegarden.

– Det står att å sjå kor stor interessa er, men det er i alle fall flott at
det skjer noko, seier Svein Norberg, leiar i bygdelaget.


Les meir om: Nyhende