Toårig landbruksfagleg utdanning for vaksne i Sogn og Fjordane

I eit samarbeid mellom Bygdefolkets Studieforbund (BSF), Mo og Jølster i vidaregåande skule og Landbruksavdelinga hos fylkesmannen, vert det i haust tilbode eit toårig kurs i landbruksfag på VK 1 VK 2 nivå, ei nyskaping innan landbruksutdanning.

Publisert 21.09.2000 kl. 14.44. Oppdatert kl. 16.50.
Den nye kompetansereforma opnar for at vaksne, som ikkje har
skaffa seg den nødvendige yrkesfaglege utdanning på v.g. skule sitt
nivå for det yrket ein praktiserer til ei kvar tid, skal kunne skaffe seg
dette. Dei som er fødde etter 1. januar 1978 har rett til ei treårig
utdanning på v.g. skule sitt nivå, oppretta krav på at det offentlege
fullfinansierer dette. Dei som då ikkje har nytta høvet å ta denne
utdanninga i det ordinære utdanningsløpet etter grunnskule, kan ta
dette seinare i vaksen alder. Det offentlege har oppretta eige organ
for å godkjenne krav om slik utdanning. Det offentlege yter også
stønad til slik utdanning, regulert gjennom kompetansereforma, der
det ligg eit mål om 40 % offentleg finansiering.
Arrangørane vonar at tilbodet om landbruksutdanning kan vere av
interesse for bønder, som etter ein periode med anna yrkespraksis
skal bli bønder, eller som kombinerer landbruk med anna yrke men
manglar nødvendig fagutdanning i landbruksfag.
Undervisninga vert lagt opp slik at den kan kombinerast med ein
yrkessituasjon. Det vert ein kombinasjon av sjølvstudium, studiering,
fjernundervisning gjennom Natur og Næring og fem årlege
helge-samlingar på Mo og Jølster v. g. skule. På helgesamlingane
vert det skule med tradisjonell lærarundervisning. For
fjernundervisningsdelen vil det vere lærarar i hovudsak frå Mo, men
også frå Natur og Næring. På helgesamlingane vil det i tillegg til
lærar frå Mo være lærar med eit breitt erfaringsgrunnlag frå
landbruket; frå fylkesmannen si Landbruksavdeling og
Miljøvernavdeling, landbrukssamvirket sine organisasjonar,
Landbrukshelsa, bondelag og praktiserande bønder m.fl..
Grovt rekna vert det 50 % sjølvstudium og 50 %
fjernundervisning/helgesamlingar med lærarar. Det vert tilrettelagt for
offentleg privatisteksamen for dei som ønskjer det. Helgesamlingane
og fjernundervisningstilbodet skal fagleg støtte opp under sjølvstudie
og oppgåvene som skal svarast på gjennom fjernundervisninga. Det
er ein føresetnad at deltakarane har eigen datamaskin med internett,
då fjernundervisningsdelen vil gå over internett/e-post. Dersom
deltakar manglar nødvendig datautstyr for kursgjennomføringa, vil
fylkesmannen si Landbruksavdeling kunne yte noko stønad til kjøp av
nødvendig utstyr.
Første helgesamlinga blir fredag 20. og laurdag 21. oktober på Mo,
der det m.a. vert gjennomgang av fjernundervisningsopplegget på Mo
sine datamaskiner, og her vil undervisningsprogrammet framover bli
bestemt i samarbeid med deltakarane.

Les meir om: Nyhende