Gå til sidens hovedinnhold

Årdøl og sogndøl tekne ut til EM-kvalikkampar

Johan Hove og Sivert Mannsverk er tekne ut i troppen til dei komande kampane på U21-landslaget.

Kampane går heime mot Finland 12. november, og borte mot Aserbadsjan 16.november.

Sogndølen Johan Hove, som spelar på Strømsgodset, og årdølen Sivert Mannsverk, til dagleg i Molde, er altså tekne ut i troppen, melder NFF.

Kampane er kvalifisering til U21-EM i 2023 og båe sogningane var også med i troppen til kvalifiseringskampane i oktober. Då måtte Mannsverk melda forfall grunna skade, medan Hove starta begge kampane. Då vart det 3-2-tap mot Kroatia og 3-0-siger mot Estland.

Kommentarer til denne saken