Det seier trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad ved Vegtrafikksentralen vest.

Det var tysdag morgon det gjekk eit steinras på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin, vest av Ljotelitunnelen. Etter at entreprenør kom til staden fekk dei rydda eine vegbana, og dirigert trafikken forbi. Men under fjellreinsk seinare på dag kom det så mykje stein at dei måtte stengja på nytt.

Då steinen var rydda vekk, opna dei eitt køyrefelt att onsdag. Men så måtte dei stengja på ny på grunn av det som kom ned under vidare fjellreinsking. Torsdag er vegen heilt stengd.

Meir enn venta

– Det har kome meir enn me trudde. Men dette er alltid vanskeleg å seia før ein får teke ein sjekk. Dei må få det ned, så dei er sikre på at det er trygt å opna vegen, seier Englaugstad.

Dei treng tida til klokka 20 torsdag kveld. Då vert det ny vurdering.

– Vegen kan sjølvsagt bli stengd vidare, men det veit me ikkje før i kveld. Me purrar på dei om kva dei ser for seg. Men førebels er det ny vurdering klokka 20.

Det er varsla med skilt nede i Årdal og oppe i Tyinkrysset at vegen er stengd.