TIDLEGARE BESØK: I 2017 vitja arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie Indre Sogn Bil. På biletet står ho med Michael Brehe, som er ansvarleg for bilpleie hjå bedrifta. (Arkivfoto)

Arbeidsministeren vitjar Lerum og NTP

Arbeidsminister Anniken Hauglie vitjar Kaupanger og Gaupne på onsdag.

Publisert 02.07.2019 kl. 10.12. Oppdatert kl. 10.15.

Statsråden skal innom Lerum og Avery Dennison NTP AS.


Arbeidsmiljø

Lerum utmerkja seg med svært lågt sjukefråvær. Bedrifta har 120 årsverk og eit sjukefråvær på 3,1 prosent i 2018.


Snittet i Sogn og Fjordane er 6,2 prosent.


I den nasjonale inkluderande arbeidsliv-planen er det eit mål å få ned sjukefråveret med 10 prosent på nasjonalt nivå.


Tidleg innsats

Lerum er ein av Sogn sine flittigaste brukarar av Bedriftshelsetenesta. Dei har tru på tidleg innsats, openheit og tett kontakt med sjukmelde.


Dette ynskjer arbeidsministeren å høyra meir om under besøket.


Syltetøyproduksjon

Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, skal orientera Hauglie om bedrifta og arbeidet med sjukefråvær.


Det vert og ein tur ned i sjølve syltetøyproduksjonen.


Mangfald

Avery Dennison NTP er i gong med produksjon av fotballmerker til Premiere League-drakter. Dei aukar omsetnaden år etter år. Bedrifta har stort mangfald på arbeidsplassen, og statsråden meiner dette bidreg til suksessen.


Dagleg leiar Tom Dyrdal skal fortelja arbeidsministeren om bedrifta sitt arbeid med mangfald på arbeidsplassen og korleis det å gje folk ein sjanse kan skapa lojale tilsette og ei lønsam bedrift.


Lågast arbeidsløyse i landet

Sogn og Fjordane har den lågaste arbeidsløysa i landet med 1,3 prosent, syner ferske tal frå NAV. Med så låg arbeidsløyse er det vanskeleg for bedrifter å få tak i nok folk. Difor meiner arbeidsministeren at å rekruttera frå NAV er vegen å gå for fleire arbeidsgjevarar.


Inkluderingsdugnad

Arbeidsministeren har invitert til inkluderingsdugnad, som er eit prosjekt for å få fleire i jobb.


Hauglie ynskjer å høyra om kva Dyrdal miner andre bedrifter bør gjera for å inkludera fleire i arbeidslivet.


Siste saker Gå til framsida