Arbeidsløysa auka til 19,2 prosent i sognekommune

På to veker har arbeidsløysa i Vestland auka frå 7.285 til 33.738 ledige.

DEL

Arbeidsløysa i fylket er no på 10 prosent av arbeidsstyrken.

I Vestland er det høgst arbeidsløyse i Aurland, med 19,2 prosent, opplyser NAV i ei pressemelding.

Korona-pandemien rammar næringslivet hardt i heile landet. I Noreg er 10,4 prosent ledige, samanlikna med 2,2 prosent ved utgangen av februar. Talet på permitterte inngår i arbeidsløysetala.

– Kontrasten frå to veker sidan, då arbeidsløysa var på 2,2 prosent i Vestland, og marknaden gjekk svært godt, er enorm. Alle bransjar blir råka. Samfunnet er stengt ned, og det får konsekvensar over alt, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland i ei pressemelding.

Har oppretta fleire innsatsteam

– Partane i arbeidslivet er naturleg nok bekymra. Me har god kontakt med alle aktørar for å finna ut korleis me kan hjelpa dei på best mogeleg måte. NAV Vestland har oppretta fleire innsatsteam som skal hjelpa arbeidsgjevarane både med permitteringar, og med å finna arbeidskraft til kritiske samfunnsfunksjonar, seier Bogsnes.

Det er i aldersgruppa 30-39 at det er flest ledige (8.630) medan det er færrast ledige blant dei som er 19 år eller yngre (1.327).

Det er flest ledige innan butikk -og salsarbeid (5.906), reiseliv og transport (5.402) og serviceyrke (4.024), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (184), akademiske yrke (344) og undervisning (736).

Høgst i Aurland

I Vestland er det høgst ledigheit i Aurland (19,2 prosent), på Voss (13 prosent) og i Stryn (12,5 prosent) medan det er lågast ledigheit i Fjaler (4,5 prosent), på Tysnes og i Vik (begge 4,8 prosent).

Sidan starten av veke 11 har NAV Vestland motteke 28.276 søknader om dagpengar. 26.063 av desse gjeld søknad om dagpengar under permittering. Det er nedgang i talet på søknader frå førre veke.

Artikkeltags