Her får du ei fersk oversikt frå Statens vegvesen. To nye vegmeldingar har dukka opp på vegvesenet si oversikt tysdag:

E16 Sletten i Lærdal: Vegarbeid og manuell dirigering. Ventetid inntil 15 minuttar.

Rv. 5 Bergselva bru – rv. 5 Frudalstunnelen i retning Sogndal: Vegarbeid mellom klokka 20:00 og 05:30 måndag, tysdag onsdag og torsdag. Laurdagar gjeld det frå midnatt og søndagar frå klokka 22.

Det er manuell dirigering og vegen kan bli stengd i periodar på éin time. Gjennomkøyring klokka 20:40, 21:00, 21:30, 22:30 og klokka 23:00. Gjennomkøyring frå Skei klokka 21:50 og frå Sogndal klokka 22:10. I tidsrommet 23:00 til 05:30 blir vegen stengd med gjennomkøyring frå begge sider klokka 01:30.

Lista elles er framleis lang:

E16 Lærdalstunnelen: Vegarbeid, eitt påverka køyrefelt. Gyldig mellom 20:00 og 06:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag frå 05.06.2023 til 09.06.2023. Manuell dirigering.

Gyldig mellom 08:00 og 18:00 5. juni, og mellom 07:00 og 18:00 6. juni. Vegen er stengd i korte periodar.

E16 Sletten i Lærdal: Vegarbeid og manuell dirigering. Ventetid inntil 15 minuttar.

E16 Stalheimtunnelen i Voss, Vestland – E16 Filefjellstunnelen i Vang, Innlandet (Filefjell): Vegarbeid mellom 20:00 og 06:00 tysdag, onsdag og torsdag. Manuell dirigering. Vent på ledebil. Det blir jobba i ein tunnel om gongen.

E16 Nedre Ljøsne – E16 Øygard i Lærdal: Vegarbeid, gyldig mellom 07:00 og 19:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag frå 05.06.2023 til 16.06.2023. Lysregulering.

Rv. 5 Håbakken – rv. 5 Nedre Eri i Lærdal: Vegarbeid. Lysregulering heile døgnet.

Rv. 5 Kaupangerskogen – rv. 5 Vekti i Sogndal, i retning mot Lærdal: Vegarbeid.

Rv. 5 Kvåle stadion – rv. 5 Frudalen i Sogndal: Vegarbeid. Gyldig mellom 07:00 og 19:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag frå 22.05.2023 til 23.06.2023.

Manuell dirigering. Vent på ledebil. Inntil 15 minuttar ventetid. Arbeidet blir samkøyrt smed arbeid i Frudalstunnelen.

Rv. 5 Frudalstunnelen i Sogndal, Vestland: Vegarbeid. Gyldig mellom 20:00 og 05:30 måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag og søndag frå 01.06.2023 til 07.07.2023

Manuell dirigering. Gjennomkøyring frå Sogndal-sida kl. 20:40, 21:00, 21:45, 22:30 og 23:00. Frå Skei-sida kl. 21:00, 2150, 22:30 og kl. 23:00. I tidsrommet 23:00 til 05:30 blir vegen stengd, med gjennomkøyring frå begge sider kl. 01:30.

Rv. 5 Frudalselvi – rv. 5 Tangamyri i Sogndal: Vegarbeid. Gyldig mellom 07:00 og 19:00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag frå 05.06.2023 til 08.06.2023. Gyldig mellom 07:00 og 15:00 fredag 09.06.2023.

Manuell dirigering. Ventetid: 5–10 minuttar.

Rv. 5 Flugheim – rv. 5 Øvre Stedjeveg i Sogndal: Vegarbeid. Gyldig mellom 07:00 og 19:00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag frå 05.06.2023 til 08.06.2023. Gyldig mellom 07:00 og 15:00 fredag 09.06.2023.

Manuell dirigering. Ventetid: 5–10 minutt.

Rv. 13 Bondeviki – rv. 13 Fardal i Sogndal: Vegarbeid. Lysregulering.

Stengd inntil 15 minuttar måndag-onsdag kl. 07:00-19:00, og torsdag kl. 07:00-16:00. Lysregulering heile døgnet.

Fv. 50 Steine – fv. 50 Steinslandet i Aurland: Vegarbeid. Gyldig mellom 08:00 og 17:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Lysregulering.

Fv. 50 Vassbygdtunnelen – fv. 50 Steinslandet i Aurland: Vegarbeid. Gyldig mellom 07:00 og 19:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag frå. 05.06.2023 til 09.06.2023.

Manuell dirigering. Trafikkavvikling med manuell dirigering og ledebil.

Fv. 604 Alsmo kulvert – fv. 604 Bergsnes i Luster, i retning mot Røneid: Vegarbeid. Gyldig mellom 07:00 og 18:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag til 30.06.2023.

Endra køyremønster. Det vil vera innsnevra veg heile døgnet også utanfor arbeidstid.

Fv. 5627 Sjukestova fv. 5627 Kvam i Aurland: Vegarbeid. Gyldig mellom 08:00 og 20:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag til 09.06.2023. Stengd i periodar på ein halv time.

Fv. 5633 Seimsdalstunnelen i Årdal: Vegarbeid. Gyldig mellom 07:00 og 19:30 kvar dag til 25.06.2023.

Naudetatar kan passera. Arbeidet vil føregå måndag til søndag i oddetalsveker, og måndag til laurdag i partalsveker grunna skiftordning. Kan bli korte stengingar.

Fv. 5640 Dalane – fv. 5640 Ugulen i Luster: Vegarbeid, to påverka køyrefelt. Gyldig mellom 08:00 og 19:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag. Manuell dirigering. Stengd i periodar på om lag 30 minuttar.