Nyhende

Fylket gjennomsyra av rasisme og fordommar

– Sogn og Fjordane på lik linje med resten av landet, er gjennomsyra av rasisme og fordommar. Vi er i dag vitne til at mørk hudfarge, homofili og utviklingshemma er blant dei gruppene som ikkje blir aksepterte.

Kvar skal torget liggje?

Skal det heite Gravensteinstorget og plasserast mellom banken og politihuset. Eller skal det heite Fossetuntorget og bli plassert i den andre enden av Fjøra. Med ein statue av Gjest Baardsen skodane utover fjorden. Kva med den nye flotte Lægreidsplassen eller området ved Ølnestorget. Kunne ikkje det med enkle grep gjerast om til ein attraktiv plass for torghandel?

81-åring opna utstilling om bestefaren

William Cecil Slingsby er mest kjend for å vera førstemann på Store Skagastølstind. Laurdag opna barnebarnet utstillinga om den engelske fjellmannen i Utladalen Naturhus.

Pågripen etter brann

Ein vaksen person er pågripen etter ei eldspåsetjing ved rådhuset på Årdalstangen søndag kveld. Vedkomande har erkjend dei faktiske tilhøva. Ingen kom til skade under brannen, men reparasjonane vil koste fleire ti-tals tusen.

– Kampdatoane er fastspikra

Søndag spikra fotballforbundet fast at den siste kvalifiseringskampen skal spelast neste onsdag. PÅ ULLEVAAL. SIL-trenar Torbjørn Glomnes er rasande på avgjerda, og hevdar på SIL si heimeside at NFF neglisjerer talentutviklinga

Alle slår alle, men ingen slår Jotun

Etter toppkampen mot Bergen HK er Jotun damene no einaste lag i serien utan poengtap. Opprykk er uttalt målsetjing både frå trenar, styre og spelarar, og så langt har Jotun gjort jobben sin. Seks kamper, og 12 poeng seier meir enn tusen ord om at årdølene kan vera i stand til å vinne avdelinga og sikra seg opprykket som glapp heilt på tampen i fjor.

– KLARE FOR ENGA

– Uansett kven av dei tre laga vi hadde møtt, så ville det blitt vanskeleg. No blir det Vålerenga, og vi er klar til å angripe den utfordringa og.

Verdt betaling

Det er dei som har merka seg at to kommunar i Sogn skiljer seg ut med høge renovasjonsavgifter. Det gjeld m.a.i Aurland, der det i det politiske miljøet har vore kritiske røyster mot det interkommunale selskapet SIMAS.

Borgyndene angrar bittert på fusjonen

– Det er skamlaust, seier dei kvinnelege kundane inne i den dødsdømde COOP-butikken i Borgund. For to veker sidan var parhestane Melheim/Holst frå COOP i Årdal på nedleggjingsferd til den vesle fjellbygda, berre tre år etter at dei fusjonerte inn laget.

Sogn Avis i samarbeid om Internett-inngang

Avisene Firda, Sogn Avis og Firdaposten samarbeider no om ein nyhendeportal til Internett for Sogn og Fjordane. Heilt frå starten har den nye nye nettportalen mellom 200.000 og 300.000 sideoppslag i månaden.

Fekk IT-løysingane

Siemens Business Service (SBS) i Årdal har fått kontrakten på levering av IT-løysingane for Lotteritilsynet. Kontrakten gjeld for tre år. Selskapet i Årdal vann kontrakten i konkurranse med blant anna gigantane Telenor og Mercantile Data. – Denne kontrakten har mykje å seie for SBS sin aktivitet i fylket, seier marknadssjef Terje Laberg til Sogn Avis.

Raske med registrerering

Dei siste to åra har Frank Robert Simon og Kjell Audun Lægreid frå Årdal Kommunale Energiverk (ÅKE) hatt arbeidsplassen sin i ein varebil. Frå denne bilen har dei kartlagd og registrert både høg- og lågspentnettet i heile kommunen. Bakgrunnen er eit direktiv frå NVE om at alle kommunar innan 2001 skal kunne dokumentere ikkje levert energi.

Regionrådet under eit breidband-tak

IKT-nettet skal byggjast ut. Målet er å setja tak over heile regionen, og få breidband ut i dei ni kommunane. Sogn regionråd vedtok i går no skal det satsast på ny teknologi.

Brakkeungane har endeleg fått ny barnehage

Tolmodige har dei leika på kalde og trekkfulle golv, pusta inn dårleg luft, dei har kledd seg om i tronge garderober og gått på do bak eit forheng. No kan dei hente fram flagg og ballongar for å feire den splitter nye barnehageavdelinga si. – Her er det kjempefint med masse god plass og varmt golv, smiler Karius-ungane i Furuli barnehage.

Glomnes findrillar defensiv tryggleik

Kjelsås skal slåast på søndag, men Sogndal-trenar Torbjørn Glomnes tenkjer også tre dagar lengre fram, til første kvalifiseringskampen, heime på Fosshaugane. - Vi skal jobbe med tryggleiken bakover

Senterpartiet kjempa for fallrettane - og tapte

Skræmande svartmåling, sa Råheim Førde: Senterpartiet kjempa hardt for at fylkestinget skulle gå mot at fylkeskommunen gjev vekk fallrettane dei har hand om til Sogn og Fjordane energiverk vederlagsfritt. Men dei fekk berre støtte frå SV.

Stort fleirtal slo ring om fylkeskommunen

Men nei til gjennomgang av kommunestrukturen Førde/Fylkestinget: Fylkestinget samla seg til brei semje om å ta vare på fylkeskommunen. Tinget seier nei til statleg overtaking av sjukehusa, og avviste eit framlegg om ein gjennomgang av kommunestrukturen, med sikte på å skape robuste kommunar.

Var villrein-jegrar i politiet sitt søkjelys?

Kvifor er to lensmannsbetjentar frå Vik på plass i fjellet før klokka 08. Slik spør villreinvaldet Austfjelli i Vik etter å ha støytt på oppsyn på morgonsida tysdag 5. september.

Gjer musetesten avlegs

Nye analysemetoder kan revolusjonere skjellnæringa. Sogndal: Eit lite steg for forskaren. Men eit stort framsteg – for dei som driv med skjelloppdrett. I går presenterte kjemikaren og doktor Chris Miles frå New Zealand ein ny metode som garantert vil bringe ny optimisme i næringa.

Godt norsk sel best

Dei sel mindre frukt enn elles i året. Men når kundane kjøper frukt, skal det vera norske eple og pærer. – Dei utanlandske epla vil ingen ha. Eg trur me har selt to utanlandske eple på 14 dagar, seier Grethe Njøs på KIWI Hermansverk.

«Rapporten tek ikkje erfaringa på alvor»

– Denne rapporten er ei lang ansvarsfråskriving og tek ikkje lærdalserfaringa på alvor, seier Åge Simonsen i Norges Miljøvernforbund, som i forkant av giftbruken i Lærdal åtvara kraftig mot ein rotenonaksjon.

Overgangsproblem eller katastrofe?

– Moms på reiseliv er ikkje den katastrofen næringa hevdar. Det er eit overgangsproblem, sa Tor Bremer (A), og fekk svar på tiltale av Eivind Grov (H).