Nyhende

Protesterer på vedtak

Tidlegare medlemar i det no nedlagde Tangen Ungdomslag protesterer på at eiga i laget, nær ein kvart million kroner, skal nyttast til utsmykking av sentrum på Årdalstangen. Dei meiner det er gjort formelle feil i saka. Og no har fleire organisasjonar meld si interesse for desse midlane.

Mann skadd i trafikkulykke

Ein man i 30-årsalderen kom lettare til skade etter ei trafikkulykke på riksveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen i går. Bilen han køyrde kom over i motsett køyrebane, fylgde grøfta eit langt stykke og vart kasta inn att i vegbana. Det er mistanke om promillekøyring.

Kontra Raufoss i senk

Før kampen hadde Torbjørn Glomnes eitt stikkord til spelarane: Tolmod. Og i med eit defensivt Sogndal på bana, tok dei Kai Erik Moen og heimelaget på senga med kjappe overgangar gong på gong.

Travel dag for hestefolket

- Dette vil bli ei kjempefin bane. Svingane er fine og runde, og på ei travbane er det viktig at svingane ikkje er for krappe. Dette sa vossingen Jostein Finne til Sogn Avis etter at han hadde kuska «Per Leinar» inn til ein historisk siger på Kaupanger Travbane laurdag.

Trur på framtida – satsar millionar

– Investeringa blir ein liten revolusjon både for kundane og staben, seier Einar Kløve i Vik Bil. Sjefen satsar fem millionar kroner på jobben som blir avslutta mai neste år. Kløve dimensjonerer også for posttenester.

Vil ha hamneavgift

Spørsmålet om Årdal skal innføre hamneavgift, skal opp til politisk behandling før jul. Grensene for hamnedistriktet i Årdal, er i desse dagar ute til høyring i nabokommunane. I dag er det ikkje avgifter på den kommunale kaien.

Lobbyist for RV 50

– Godt møte, seier Osvald Turlid. Denne veka la han, saman med ordførar Ivar Bjarne Underdal, turen til Stortinget for å tale Rv 50 si sak for dei folkevalde på Løvebakken.

Snøgge grep avverga stor skade på Svanøy

Mannskapet på ferja «Svanøy» gjorde det dei skulle då teknikken svikta. Lynsnøgt vart to avgjerande grep utført i rask rekkefølgje. – Den resolutte handlinga medverka effektivt til å avverga store skader, seier ferjesjef Svein Solheim.

I motbakke

Med ein lettare skada ankel og eit sviande tap rykande ferskt i minne, var det ein frustrert Eirik Bakke SA møtte etter Ukraina-kampen.

Skomakar Linda er klar

– Endeleg! Akkurat det ordet har Linda Brosvik høyrt mange gonger den siste tida. Måndag opnar ho skomakarbutikken sin ved Ølnestorget.

Politimann med skøyarstreker som terapi

I dag får polititenestemenn og -kvinner tilbod om krisepsykiatri og kollegastøtte når dei har jobba med tøffe saker. Slik var det ikkje før, men Johan Johannessen visste kva som skulle til for å koma seg vidare etter traumatiske opplevingar i tenesta. Han fann på ein eller annan utspekulert revestrek.

Beste sesongfangst sidan 80-talet

– Me må attende til 80-talet for å finna like gode fangstar i Aurlandselva. Med over 1300 kg denne sesongen går utviklinga no endeleg rette vegen, seier formann i Aurland Elveeigarlag, Thorvald Tokvam, til Sogn Avis

La tusen blomar bløme

La tusen blomar bløme. Slik bør ein i prinsippet nærma seg ei ny regional forvaltning. Det meiner professor Harald Baldersheim, Institutt for statsvitenskap ved Universitetet i Oslo. – Debatten om ei regionreform treng modningstid, seier professoren.

Straum og vatn frå Fagravatnet

Politikarane i Balestrand skal no ta stilling til kvar balestrendingane skal få vatn ifrå i framtida. Det blir anten Esebotn eller Fagravatnet. Vel ein det siste alternativet, kan ein få eit minikraftverk på kjøpet

Verdssensasjonen Litago

Avlssjef Torstein Steine kan nesten garantere at ei ku aldri i verda har kalva to strake trillingar. Inntil Litago`s unike prestasjon 26. september.

Har trua på meir landslagsspel

Tommy Øren fryktar ikkje mindre spel for fedrelandet sjølv om Per Mathias Høgmo no tek over U21-skuta. Og etter to målgivande i landskampen tysdag, har SIL-vingen ingenting å vere redd for.