Nyhende

Årdal stoppar enorm mur

Årdal kommune har gjeve beskjed om at arbeidet på ein 100 meter lang og 10 meter høg mur ved Finnsåstunnelen inntil Hydro si grense, må stoggast. Grunneigaren som har sett i gang arbeidet, har ikkje sendt nabovarsel til Hydro eller gjeve melding til kommunen om arbeidet.

Jørn Jamtfall klar mot Odd Grenland

Sogndal har leigd inn Rosenborg sitt tredjeval i mål, Jørn Jamtfall. Dermed får truleg ikkje Vegard Skjeldestad sjansen når broren er ute med skade.

Kjem truleg attende denne sesongen

Tommy opererte i går: VOSS:I går opererte ortoped Johannes Brattebø ut dei to skruene Tommy Øren hadde i ankelen. Resultatet kunne ikkje ha blitt betre. No får han truleg med seg nokre kampar i sesongavslutninga. Tommy gjesper.

1196 kilometer i bil for å skyta på Bestemorenga

Lange avstandar ser ikkje ut til å skremma skyttarfolket. Heile 89 sogningar har meldt seg på årets landskyttarstemne i Bodø. Det er imponerande når reisetida er rekna til to dagar frå Sogn til standplassen på Bestemorenga.

Hoppar på eit nytt vestlandssamarbeid

Vestlandshopp er det nye interkommunale tilbodet som skal fange hopparane. – Vi ønskjer å gi dei eit tilbod fram mot seniornivå. Alt for mange gir seg i 12-års alderen, seier Bent Sætre i Kaupanger IL.

Aust og vest feira St.Thomaskyrkja

Om lag 120 tok turen opp frå alle kantar av Filefjell og sørga for ei fullstappa kyrkje på 30- årsjubileumet til St. Thomaskyrkja søndag. 2. juli 1971 stod den nye St. Thomaskyrkja ferdig vigsla på tomtene etter den gamle stavkyrkja.

Astrid testa momsreforma

Med nett same handlelista som fredag, troppa stortingsrepresentant og AP politikar Astrid Marie Nistad opp i butikken til Rolf Navarsete mandag morgon. Fredag kosta handlerunda 416.90 ører. Med ny moms mandag, fekk Astrid samme varene for 378.50 ører.

Lang veg å gå

Hydro har i mange år drive eit medvite arbeid for å få ned utsleppa frå industriproduksjonen i samfunn som Årdal og Høyanger. Dette er eit arbeid som har gjeve målbare resultat. Samfunna er i dag friskmelde i den forstand at utsleppa er på eit nivå som både menneske, dyr og natur kan akseptera.

Wolves stoggar Flo-debut mot Glimt

Håvard Flo får ikkje ein etterlengta inntreden for Sogndal mot Bodø/Glimt søndag. Kontrakten med Wolverhampton går ut laurdag, og den engelske klubben ynskte at Sogndal skulle overta sluttbonusen.

Tok innspurten i Arnafjorden

Einar Førde gjorde unna ein bit av innspurten som kringkastingssjef få nautiske mil unna heimbygda Høyanger. For 58-åringen er medieepoken definitivt over 15. juli.

Byggjer kjempe-rasvoll

FRUDALEN. Dei enorme snøskredene frå Tugga har fleire gonger sett liv i fare. No brukar Statens vegvesen 10 millionar kroner på det som truleg vert Noregs største rasvoll over Fjærlandsvegen.

Kluss flytta tre ferjer

Divisjonssjefen i Fylkesbaatane flytta ikkje på mindre enn tre ferjer i flåten i går føremiddag. Manøveren skuldast kluss i maskineriet.

Nedfall av tungmetall

Det er funne til dels høge konsentrasjonar av metall i mose rundt metallverka i Årdal og Høyanger. Årsaka er utslepp til luft frå bedriftene. Dette går fram av ei undersøking Statens Forurensingstilsyn (SFT) har teke initiativet til.

Fruktbare Fredriksen

– Eg brukar å sei at fruktbygda er fruktbar, seier Roar Fredriksen (30). Kona har stort sett gått gravid sidan familien kom til Sogndal.

Håvard Flo ned frå tribuna

I morgon er slutt på at Håvard Flo finn plass på tribuna når Sogndal spelar. Flo er i god form, og er sjølvsagt høgaktuell for startoppstillinga mot Bodø/Glimt. Like lystig er det ikkje bakover på bana. Både Terje Skjeldestad og Filip Apelstav slit med skadar framfor kampen i Nordland.

Kyssar Gjest

Stig Eikaas kyssar Gjest, og sler, med latter og smil, tilbake mot alle dei som har kritisert han. – Det er misunning, seier Eikaas med eit smil.

Gabrielsen sine sauer

Skattelettepartiet Høgre vil redusera overføringane til jordbruket med over 1 milliard kroner. Og det er dei minste bruka som ikkje lenger skal få støtte.

Vil byggje Nordens Las Vegas

Anders Haave planlegg å byggje kasino i Stavang. Gründaren har allereie solide investorar i ryggen som står klare med nesten ein milliard kroner til prosjektet.

send oss link

Dersom du har ei side du vil ha registrert, kan du sende linken til oss. For ordens skuld: Det er sider heimehøyrande i Sogn og Fjordane som er med i dette oversynet.

Tanging på U-17 landslaget

Christian Stedje (16) vart tysdag teken ut til å spela for U-17 landslaget i fotball. ÅTIL/Lærdal- spelaren trur det blir både spanande og lærerikt å få spele med dei beste.