Har søkt heile EU etter arbeidskraft
Bedriftsleiar Ståle Øvstetun i Årdal Stålindustri i Øvre Årdal har i lengre tid vore på jakt etter fagleg arbeidskraft. Etter å ha tråla heile den norske marknaden og EU utan resultat, søkte han Utlendingsdirektoratet (UDI) i mars om å få henta inn åtte godt kvalifiserte personar frå Slovakia for ein periode. Men det skulle syne å vere meir problematisk enn han trudde.