Nyhende

– Kommunane skal få samarbeida

Kommunalminister Erna Solberg (H) vil i løpet av året truleg fjerna momsen på tenester for kommunar. Denne avgifta har fram til no sett ein effektiv stoppar for interkommunalt samarbeid.

Håbakken i bakevja?

Kommunepolitikarane i Lærdal må resignert konstatera at verdas lengste vegtunnel ikkje har vorte den magneten for etablerarar som dei hadde tenkt. Resultatet av kommunen si satsing er så langt null, og mykje tyder på at Aurland kjem først ut av startblokkene i kappløpet om den første nyetableringa.

Sat som eit skot

Torben Stedje (22) og Sten Antisen (22) imponerte som figurane Benny & Benny under Vekarevyen «Tilfeldighetens spill» på måndag i Sogndal Kulturhus.

Geir Navarsete tek ein ekstraomgang

- Eg ynskjer framleis avløysing, men har gjeve valkomitéen melding om at eg kan ta eitt år til - dersom dei ikkje finn ein arvtakar. Men berre eitt år!

Vil ha undervarme

Med berre to kampar på gras i vårsesongen i fjor, der den eine var cup-oppgjeret mot Brann, meiner IL Jotun at det er på tide med undervarme i grasbana. – Skal me oppretthalda fotballen i Jotun på eit nivå me ynskjer, kan me ikkje vedkjenna oss bana slik ho er i dag, seier Sigmund Luggenes i IL Jotun til Sogn Avis.

Ung mobilisering mot rasisme

Sogndalsrussen har lenge hatt eit dårleg rykte. Årets russ vil gjera noko med dette. No mobiliserer dei til kamp mot rasisme og vald.

Ettersøkslag på søk etter fleire hundar

I fjor hadde Sogndal ettersøkslag fire utdanna ettersøkshundar til disposisjon. No er staben halvert, etter at den eine, Kåre Stedje sin Catho, har gått av med pensjon og den andre trekkjer seg ut fordi eigaren, Tore Brusegard, har så mykje å gjera at han rett og slett ikkje har tid til å vera med i laget.

Ynskjer seg tapet med landskap

Gå på loftet og leit fram ting frå 70-åra du har gøymt unna. Mange kom på museet laurdag, men museet ynskjer endå meir nostalgi.

20.000 liter sprit skal varma Fosshaugane

Desse to kjelane skal varma opp 20.000 liter sprit som skal ut i dei milelange røyra under grasmatta på Fosshaugane. Med det håpar SIL Fotball at bana skal vera i fin stand til seriestart.

Skulerenovering til 65 mill.

Årdal kommune vil renovera grunnskulane i Årdal for 65 millionar kroner. Dette vedtok eit samrøystes kommunestyre i Årdal torsdag. Men saksordførar Andreas Bakken, AP, slo på møtet fast at dette ville koma til å gå ut over ein del andre tiltak i bygda.

Knallhard kamp om elektro-kundane

Elektrofirmaet Magne Aase frå Førde satsar over to millionar kroner på å bli størst i Sogn. Saman med Sogndal Elektro og Sogn Radio og TV sler dei seg saman til Euronics Sogndal.

Glad for felles strategi

– Reformane i offentleg sektor så langt er kanskje prega av at den samordnande delen har vore noko fråverande, denne regjeringa har imidlertid ein ambisiøs strategi på samordning, seier statssekretær Christine Benedichte Meyer.

Heller samarbeid enn samanslåing

Nils R. Sandal og Senterpartiet vil møta samanslåingskreftene med meir samarbeid med nabofylka. – Eg vil at me skal utvida samarbeidet med nabofylka, og eg vil ha med Møre og Romsdal.

Vil by turisten ei total smaksoppleving

Blir meieristyraren i Vik også skjenkestyrar? Meieributikken blir ombygd og skal gi kunnskap om gammalosten. Den franske, tyske eller engelske turisten, og den norske for den del, skal få ei total smaksoppleving.

Viktig avklaring frå Luster

Leiaren i Leikanger Arbeidarparti, Ivar Fykse, meiner partikameratane i Luster er feige som ikkje torer kasta seg inn i ein diskusjon om samanslåing med Sogndal og Leikanger. Ordførar Jarle Skartun i Sogndal meiner lustringane gav eit negativt signal om kommunesamarbeid då dei takk nei til eit interkommunalt legevaktsamarbeid.

Eventyrleg for Fabel...

Terningkast 5 i landets største avis, utselde konsertar og TV-produsentar som meir eller mindre står i kø for å ha dei med i programma sine. 2002 har starta fabelaktig for dei fem i Fabel...

Seks minuttar skal dra britane til Sogn

Reisemål Sognefjorden skal superprofilerast mot seks millionar reisehungrige britar. Det skjer i det populære reiseprogrammet Whish you were here på kommerskanalen ITV fredag klokka 19, altså i beste sendetid.

Jente (15) vart slått medvitslaus i matfri

10. klassing meldt etter grov valdsepisode på Sagatun: BALESTRAND:Medvitslaus vart ei 15 år gamal jente sendt med ambulanse til Sentralsjukehuset i Førde sist tysdag. Midt i matfri vart ho slått rett ned av ein medelev i 10. klasse.