Nyhende

God politisk styring

Medan resten av verda er rysta av finansskandalar konstaterer Statistisk Sentralbyrå at det i løpet av våren bør vera klart for endå ei rentekutt i Noreg. Dei voldsomme svingingane i økonomien ser ut til å vera historie på grunn av brei politisk semje om kor mykje av oljepotten som skal brukast kvart år.

Fekk møterett i Høgsterett

[/] Advokat Harald Hjermann (52) har kome gjennom nålauget og fått møterett for Høgsterett, som den første advokaten frå Sogn. Hjermann vert rekna for dyktig, spesielt innan fagfelta ekspropriasjon og odelsrett.

«Velkomen til Helse Førde, Lærdal Sjukehus»

Helse Førde er i full gang med å namnesetja sjukehusa i Sogn og Fjordane bak lukka dørar. Denne veka gjekk det ut rundskriv til alle institusjonane. Det hastar med namna, alt skal vera banka på styremøtet 18. februar.

Ingrid vann i uoffisielt VM

Ingrid Narum (21) vann laurdag ein suveren taktisk siger på sprinten i Continental Cup i italienske Val di Fiemme.

Vil stogga nett-porno

Hydro i Årdal set no foten ned for nedlasting av materiale frå nettet som «ikkje er i samsvar med lovverket og bedrifta sine etiske og moralske normer.»

Narum nummer tolv i VM

Ingrid Narum vart nummer 12 i jaktstarten i Ungdoms-VM i Val di Fiemme i Italia torsdag.

Staten må rydda opp

Balestrand kommune er lurt opp i stry av staten. Kommunen tok signala frå regjeringa på alvor, og har brukt nesten fire millionar kroner på ei eldresatsing som no går i vasken. I ei tid då eldrebølgja gjekk over landet, slo politikarane om seg med millionar til sjukeheimsplassar.

Revidert statsbudsjett er siste sjanse for Balestrand

– Dette er skuffande for oss, seier ordførar i Balestrand Åse Kari Einevoll. Planane om å byggja om helsetunet heng i ein tynn tråd. No er det berre revidert statsbudsjett som kan redda millionprosjektet.

Først med breiband

Snart kan dei fleste lustringane råkøyra på internett. I løpet av kort tid vil over halvparten av innbyggjarane ha tilgang til breiband.

1000-meter-satsing i Årdal er skrinlagt

I 1997 vart det løyvd 2,5 millionar kroner til utvikling av «1000-meteren», eller Heirsnosi, som reisemål. Dette arbeidet er lagt på is og midlane har gått inn i den ordinære drifta av Årdal Prosjektutvikling.

Viktig kamp for Bjørn

1. divisjonslaget til Bjørn har lagt seg til rette på tredjeplass på tabellen. I helga møter dei bergenslaget Rå som pustar sogningane i nakken.

Satsar alt i friidretts-UM

Ole Ronny Thorsnes (19) gir alt når ungdomsmeisterskapen i innandørsfriidrett går av stabelen i helga. Men han fryktar ein tresteghoppar frå Syril.

Små grøne montrar

I morgon har "Monsterbedrifta" Noregspremiere både i Sogndal og Øvre Årdal.

Info

Priskalkulator for annonser i Sogn Avis Bruk kartet under for å finne prisar på annonser i papirutgåva. Kartet krever Macromedia Flash Player

Tilsynet stengde pizza- restaurant på dagen

– Svært dårleg produksjonhygiene og produkt som representerer akutt helsefare, var konklusjonen i rapporten frå inspektør Mollan, som vedgår at det svært sjeldan næringsmiddeltilsynet kjem ut for slike graverande tilhøve.

Såg jervespor i Øvstedalen

Søndag observerte den røynde jegeren Erling Brusegard ferske spor etter jerv i fjellområdet over Øvstedalen.