Nyhende

Spesialkjøt til spesialpris

Villsau, øko-sau, geit og fjellsprett. Dette er tre av fleire nye delikatessar som skal trygge landbruket i distrikta og arbeidsplassane på VS-anlegget i Sogndal.

Statsbudsjettet svekkar distrikta

[]– Eit distriktsfientleg budsjett, seier ordførar i Balestrand kommune, Åse Kari Einevoll. Ho er ikkje nøgd med statsbudsjettet Ap har forma.

Japansk teknologi kan opna for anortositt-drift

Japanske interesser har vore i Aurland for å sjå på moglegheitene for å utnytta anotosittførekomstane. Japansk teknologi kan opna for å henta ut ressursane frå det verna området.

Lettkjøpte mål felte Hafslo

[]Tre kjappe mål tidleg i første omgang avgjorde fylkesfinalen for småjenter mellom Hafslo og Førde. Hafslojentene makta ikkje å kome over opningssjokket, men sluttresultatet gjev langt frå noko rett bilete av kampen. I store delar av andre omgang var det heimelaget som hadde føringa, men lettkjøpte baklengsmål kombinert med manglande utteljing gjorde at førdianarane til slutt vann med komfortable 6-2.

Wap-meister i Sogn

Han er nærmast for Wap-meister i Sogn å rekne, Jan Erik Bjørk frå Kaupanger.

Knallharde økter for modne damer

– No har vi fått kjempetrim. Gubbanoa! Kroppen er sveitt frå topp til tå, seier Jofrid Rogne etter eit par timar med afrikanske rytmar.

Dårlegare klima?

Er samarbeidsklimaet i Sogn regionråd endra som følgje av pågåande prosessar som ny eigarstruktur i Sognekraft og endra rutetilbod i Indre Sogn etter opninga av Lærdalstunnelen?

Lume fryktar for borna si framtid

I knappe to år har dei vore i Noreg, men snart må dei reisa attande til krigsherja Kosovo. – Me har ikkje nokon heim der lenger, ingen familie og eg har ingen jobb, seier Lume Gashi (32). Som åleinemor med tre born ser ho mørkt på framtida deira – om dei ikkje får halda fram å bu i Sogndal.

Store eple gir stor smak

– Dess større, dess betre blir smaken, seier pomolog Birger Meland (80) skråsikkert om eple og pærer. Pomologi (av lat.), vitskapen om dyrka frukttre, særleg eple- og pæretre. (Aschehoug og Gyldendals leksikon).

Inviterer til mjuk utflukt i verdas lengste

Nest siste helga før opning skal Lærdalstunnelen vera dei mjuke trafikantane sin arena. Folk skal bussast tolv kilometer inn frå båe sider. Djupt inne i verdas lengste vegtunnel kan dei tumla omkring som dei ynskjer.

Bergen Filharmoniske Orkester i Kulturhuset

Kulturhuset i Sogndal har etter kvart byrja å få fleire store namn på gjestelista, men det skal kanskje ein god del til for å overgå Bergen Filharmoniske orkester som fortrylla sogningane fredag.

No står det berre på vilje

Det er førebels ikkje avklara om Flåmsekspressen er sikra eit liv etter opninga av Lærdalstunnelen. Men etter at Fresvik Produkt, på eige initiativ, har tilbydd seg å setja inn 100.000 kroner i drift av båtruta, bør fylkespolitikarane innsjå at dei ikkje kan leggja ned sambandet.

Tredje tap på rad

Alle gode ting er tre, heiter det - og det var sjølvsagt det dei gamle Jotungutane hadde von om då dei vitja Eikefjord for å spele krinsfinale i sjuarserien laurdag. Det er imidlertid ikkje alltid gamle ordtak stemmer like godt

Septik-feller på vidt gap

Jony Birkeland AS har spent opp ei felle på vidt gap i Badnadalen. Kontainarane stappfulle med mannskit står usikra i det kommunale mottak for kompost-avfall.

Ryddar i Saltviki

Einskilde vil kanskje påstå at synet av fabrikkpiper kanskje ikkje er det venaste ein vert møtt med på veg inn fjorden, men det kan godt vere eit ope spørsmål. Det dei fleste vil semjast om er at ein skraphaug definitivt ikkje gjer seg som innfallsport til Årdal. No skal det ryddast i Saltviki.

– Statsbudsjettet må endrast monaleg

– Arbeidet med budsjettet og økonomiplanen må me gå inn med friske auge. Dei uføresette nedskjeringa i løyvingane gjev oss ei monaleg større utfordring enn me såg for oss for kort tid sidan.

Nærkontakt av tredje grad

Det er ikkje berre politikarane som ser føre seg eit tettare samarbeid mellom kommunane Årdal, Lærdal og Aurland etter Lærdalstunnelen opnar. Onsdag kveld møttest representantar for idrettslaga Årdalstangen, Jotun og Lærdal i aktivitetshytta på Seimsåsen for å drøfte framtidige samarbeidsformer.

Fabel på vegen att

Fabel har lagt bak seg ein lang ferie. No startar arbeidet med å driva misjonsarbeid for musikken sin att. Første stogg på turnéen er Torgloftet i Årdal på onsdag. Dagen etter står Meieriet i Sogndal på programmet.

Småpuslete og defensivt

Sogneregionen har dei siste åra vore prega av stagnasjon i næringsutvikling og nedgang i folketalet. Begge delar er symptomar på at noko er galt. Situasjonen er i røynda så alvorleg at det er tid for eit krafttak. No trengst det grep som kan få regionen på offensiven.