Siste Nytt

– Beste løpet på Vestlandet

774 med på folkefest: BALESTRAND:Årets vinnar av Esefjorden Rundt er ikkje snau i karakteristikken av det 22 år gamle løpet i Balestrand. Han meiner løpet frå Tjugum til Balahaugen no framstår som det beste løpet på Vestlandet.

ROLEG 1.MAI NATT

Det meste gjekk roleg føre seg i Sogndal natt til fyrste mai. Politiet fekk ingen meldingar om vald. Fem personar vart melde for drikking på offentleg stad og ein vart meld for urinering.

Ordrane står i kø ved LMI i Gaupne

Først 30 km oljerøyr for Hydro til Tune/Visund prosjektet i Nordsjøen. Deretter 60 km av same slaget til Mærsk. Dette i tillegg til fleire kontraktar med Aker Maritime for Statfjordfeltet. Ordrane står nærast i kø for Luster Mekaniske Industri A/S i Gaupne om dagen.

Ordrane står i kø ved LMI i Gaupne

Først 30 km oljerøyr for Hydro til Tune/Visund prosjektet i Nordsjøen. Deretter 60 km av same slaget til Mærsk. Dette i tillegg til fleire kontraktar med Aker Maritime for Statfjordfeltet. Ordrane står nærast i kø for Luster Mekaniske Industri A/S i Gaupne om dagen.

Lett å underkjenna 1950-talets husmor

– Å demonisera 50-talets husmorrolle med ståstad på 90-talet er å underkjenna arbeidsområdet desse har forvalta, seier historikaren Gro Hagemann.

Siste sjanse før sametingsvalet

– Det finst ein god del «skjulte» samar rundt om i landet. Også her i Sogn. Dei må ut av «skåpet» seinast i dag, dersom dei vil stemme under Sametingsvalet seinare i år.

Ber FP-styret tenkja alternativ vegløysing

Ein av dei større verksemdene i Vik utfordrar no kommunen på ei E16-kopling austover. Generalforsamlinga i Fresvik Produkt A/S ba fredag styret i verksemda sjå på utsiktene som måtte liggja i eit veganlegg mellom Fresvik og Gudvangen.

Det går mot fire år utan ein sogning

Meiningsmålinga som Sogn Avis presenterte laurdag berre stadfestar det nominasjonsmøta i dei politiska partia har lagt opp til : Fire år utan ein einaste sogning på Stortinget etter valet til hausten.

Genialt i Luster

Næringslivet i Luster kan knapt få fullrosa kommunen og Luster Energiverk nok for avtalen som er komen i stand mellom Telenor, Statkraft, Hydro og Sognekraft.

Lilletrøm-Sogndal 4-1

– Vi har langt igjen ÅRÅSEN (Lillestrøm - Sogndal 4-1): Det konkluderer Tommy Øren med etter at Sogndal fekk smake rutinert kanarifugl på Romerike i går. Den gode statistikken SIL har på Åråsen vart gjort fullstendig til skamme av eit godt heimelag - og ikkje minst eit alt for feigt bortelag.

Polakkar bergar ferje- bygging ved Solund Verft

Polske stålarbeidarar er redninga for Solund Verft. Skipsverftet er i gang med bygging av ei ny ferje for Wergeland Holding, og i ein stram norsk arbeidsmarknad er det praktisk talt uråd å få tak i norske fagarbeidarar.

Pussar opp kyrkja før Kinnaspelet

Sidan før påske har Kinnakyrkja vore stengt for publikum. Kyrkja vert no pussa opp og opnar dørene for publikum att til konfirmasjonen 20. mai.

Tok overdose

Ein person vart i går kveld berga i Florø etter å ha tatt ei overdose.

EU-kommisjonen skal vitje Svanøy

EU kommisjonen kjem til Svanøy og Florø 14. og 15. mai for konsultasjonar med norske styresmakter og norsk næringsliv om lakseavtalen.