Ap droppar fylkesårsmøte: – Ikkje forsvarleg

I BETRE TIDER: Slik såg det ut for om lag nøyaktig eitt år sidan, under det første fylkesårsmøtet i Vestland Ap. Frå venstre: fylkesleiar Marte Mjøs Persen, nestleiar Hilmar Høl, dåverande Vågsøyordførar Kruistin Marustad og dåverande Ulvikordførar Petter Thorjørnsen.

I BETRE TIDER: Slik såg det ut for om lag nøyaktig eitt år sidan, under det første fylkesårsmøtet i Vestland Ap. Frå venstre: fylkesleiar Marte Mjøs Persen, nestleiar Hilmar Høl, dåverande Vågsøyordførar Kruistin Marustad og dåverande Ulvikordførar Petter Thorjørnsen. Foto:

– Men me må ta vare på demokratiet.

DEL

Årsmøtet i Vestland Ap avlyser det planlagde årsmøtet som skulle ha vore avvikla i Bergen til helga på bakgrunn av den spente situasjonen med koronavirus og smittefare.

– Me finn det ikkje forsvarleg å gjennomføra møte, seier fylkesleiar Marte Mjøs Persen i ei pressemelding.

Rett avgjerd

– Me må følgja dei råd som vert gjevne i samband med dette. Og me ser at smittefaren er særs stor, difor er dette ei rett avgjerd, legg ho til.

– Me er opptekne av at alle som er utsendingar skal kunne delta på møte. Me har medlemmer som er i risikogrupper, som me ikkje vil utsetje for ein situasjon der dei kan verta smitta. Det er dessutan fleire tillitsvalde i partiet som har restriksjonar frå sine arbeidsgjevarar som å delta på større arrangement. Det vil då medføra at fleire a våre utsendingar ikkje kan delta på møte, seier Persen.

– Våre årsmøte skal skipast slik at me tek vare på demokratiske prosessar der alle deltek.
Nestleiar og ordførar i Årdal, Hilmar Høl, seier til Sogn Avis at avgjerda er ei vidareføring av dei retningslinjene som er gjett frå folkehelseinstituttet.

Hardt råka

– Mange kommunar har restriksjonar for sine tilsette, det gjeld også Helse Førde og Helse Bergen. Me har mange medlemmer i kommunalsektor og også blant helsepersonell. I tillegg er det slik at alle ordførarar vert inviterte til møte, men dette er folk som i tilfelle noko skjer, skal kunne leia kriseteam i sine kommunar. Det er difor tenleg at dei held seg friske, seier Høl.

– Me må også ta innover oss at det er Vestland det er snakk om her, eit av dei fylka som er hardast råka av dette.

Høl legg til at det er von om å få gjennomført årsmøtet i juni månad.

Artikkeltags