KYRKJEKONSERT: Russiske organisten Daniel Zaretsky. Han er rekna for å vere den fremste organist i Russland i dag. (Pressefoto)

Annerkjend russisk organist kjem til Sogndal

Måndag 5. august vert det orgelkonsert i Stedje kyrkje ved den russiske organisten Daniel Zaretsky.

Publisert 04.08.2019 kl. 17.00.

Han er rekna for å vere den fremste organisten i Russland i dag, og er mellom anna blitt tildelt tittelen «Æreskunstnar i Russland»


På konserten i Stedje kyrkje vil Zaretsky spele musikk av Johann Sebastian Bach, Franz Liszt og dei to russiske komponistane Georgi Muschel og Christophor Kuschnarew.


Sidan 1988 har Daniel Zaretsky spelt i dei viktigaste konsertarenaene i det tidlegare Sovjetunionen, inkludert konserthallane i Moskva, St. Petersburg, og i dei baltiske landa (mellom anna Katedralen i Riga og St. Nikolaus i Tallinn), i tillegg til Tsjekkoslovakia, Italia, Sveits, Tyskland, Nederland, Austerrike, Finland, Sverige, Danmark, Norge, Frankrike, Storbritannia, Spania, Portugal, Belgia, Polen, Luxemburg, Ungarn, Malta, Sør-Amerika, Israel, Australia og i USA.


Han har eit godt rykte som orgelkonsulent, der han handterer restaurering av historiske instrument og bygging av nye instrument i konsertsalar. Han vert jamleg brukt som jurymedlem i internasjonale orgelkonkurransar i Russland og utlandet (mellom anna Polen, Frankrike, Italia, Tyskland, Spania, Luxembourg, Nederland og Canada).


Frå 2006 er han professor i orgelspel ved St. Petersburg Statsuniversitet, samt frå 2007 ved St. Petersburg Statskonservatorium. Frå 2011 er han sjef for orgel og cembalo-avdelinga ved St. Petersburg Statskonservatorium.


I 2006 vart han tildelt tittelen «Æreskunstnar i Russland».


Les meir om: Kultur Sogndal