Anleggsmaskin har køyrt av vegen- førar kom seg på land

HAMNA I ELVA: Føraren har kome seg i land etter at køyretøyet hamna i elva måndag ettermiddag.

HAMNA I ELVA: Føraren har kome seg i land etter at køyretøyet hamna i elva måndag ettermiddag. Foto:

Klokka 16.14 måndag melder Vest politidistrikt om ei trafikkulukke i Gudvangen. Ei anleggsmaskin har køyrt ut av vegen, ned mot ei elv på E16 ved innkøyringa til Hyllandsvegen.

DEL

– Køyretøyet har køyrt gjennom autovernet og delvis ned i ei elv. Personen er komen ut, og blei observert i elva. Vedkomande er no komen på land og det blir opplyst at han er kald og har fått pledd. Politiet er på veg til staden, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt klokka 16.30.

Kan ha punktert

Politiet melde først at det var ein lastebil som hadde køyrt utfor, men det dreier seg om ei anleggsmaskin. Ulukka skal ha skjedd rundt 100 meter ovanfor Hylland.

– Førar er sendt til Voss sjukehus med ambulanse. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, opplyser operasjonsleiar.

Ho seier observasjonar på staden tyder på at det kan ha skjedd ei punktering, som gjorde at førar mista kontrollen over køyretøyet.

– Det er teorien. Men me må gjera våre undersøkingar etter kvart, seier ho.

Vegen er open

Trafikken på E16 skal flyta greitt, men berre eitt køyrefelt er ope på ulukkesstaden.

Brannsjef Reinhardt Sørensen i Aurland kommune opplyser at det blir jobba for å få tak i tungbilbergar måndag kveld.

HAMNA I ELVA: Ulukka skal ha skjedd ved Hylland i Gudvangen.

Artikkeltags