Gå til sidens hovedinnhold

Ankar Bratteteigsaka til lagmannsretten

Sogndal kommune ankar dommen i erstatningssaka frå familien Bratteteig, der familien fekk medhald. Retten meinte at kommunen er erstatningspliktig fordi barnevernet gjorde feil då dei tok guten deira ut av heimen og tvangsplasserte han i om lag ein månad.

I ei pressemelding fredag ettermiddag skriv kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen og advokat Frode Lauareid mellom anna:

Kommunen meiner Sogn og Fjordane tingrett har lagt til grunn ein for høg terskel knytt til grunnlag for å gjere vedtak om å beskytte barn gjennom akuttplassering etter barnevernslova, og ein for låg terskel i vurderinga av om det er handla aktlaust og at det dermed ligg føre erstatningsplikt.

Saka skal då for Gulating lagmannsrett.

Kommentarer til denne saken