UTVEKSLING: Andrea Alvik skal på utveksling Eswatini i Afrika. (Foto: Privat)

Andrea skal fullføra vidaregåande i Afrika

Andrea Alvik (17) skal fullføra vidaregåande på UWC i Eswatini.

Publisert 19.09.2019 kl. 19.00.

 Leikangerjenta skal gå på vidaregåande i Sogndal fram til jul og så reiser ho til Afrika.


- Det blir heilt nye folk og ein heilt ny kultur, så eg trur det blir veldig spennande og kjekt.

ESWATINI: Eswatini ligg søraust i Afrika. (Skjermdump)

Som å vera på leir

- Først hadde eg lyst til å reisa på utveksling, men eg så såg eg andre UWC-elevar på Instagram og det verka som ein leir. Eg er veldig glad i å vera på leir så eg søkte og kom inn. Då eg fekk vita at eg kom inn sat eg i spansktimen og stirra rett ut i lufta, eg skjønte ikkje at det var sant før ein måned etterpå. Eg hadde eigentleg ikkje høyrt om landet eingong.


UWC er ein internasjonal organisasjon med skular i 18 ulike land i verda. Mottoet er at dei brukar utdanning til å fremja fred og forståing av ulike kulturar. UWC Norge sender to elevar til Eswatini i Afrika.


- Eg hadde aldri i tenkt at eg skulle til Afrika, men det er heilt ulikt noko eg har opplevd før, eg er framleis i sjokk. Det einaste eg veit om Eswatini no er at det er eit lite og fattig monarki og at det største språket er afrikaans, som eg har litt lyst til å læra.


Same tidssone

- Kva blir den største utfordninga?


- Den største utfordringa blir å reisa ifrå folka mine, vennane og familien min. Eg har budd heime heile livet så eg er ikkje sikker på korleis det blir. Eg kjem til å sakna å ha mamma og pappa rundt meg, men det kjem nok til å gå bra. Sjølv om Eswatini er langt vekke er det same tidssone som Norge, så det hjelp nok.


- Å bu saman med folk frå mange andre land blir nok også ei utfordring med tanke på kulturelle forskjellar. Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur mange er mindre laid-back enn nordmenn.


- Kva gler du deg mest til?


- Eg gler meg til ein ny start der eg kan få oppleva noko heilt nytt, sidan dette absolutt er noko eg aldri hadde trudd kom til å skje. Eg gler meg til å møta folk der og alle perspektiva eg kjem til å møta på, ting eg aldri har tenkt på før.