(BERGENSAVISEN): – Ho er ikkje til å kjenne igjen, verken på utsjånad eller oppførsel, seier Anne-Sophie Bruvik.

Søndag blei dottera Amelia Noelle Bruvik Hauge innlagt på isolat på Barneklinikken på Haukeland med både skarlaksfeber og vasskoppar.

Blemmene er overalt, også på tunga, og ho slit med å ete.

– Det er rett og slett jævlig å gå gjennom, og eg unner ingen å oppleve dette, seier mora.

Ho trur dottera kunne fått mildare sjukdomsgang om ho hadde fått antibiotikakur med éin gong.

Vi åtvarar om sterke bilde lenger nede i saka.

– Hadde alle symptom

Mora fortel at ho mistenkte skarlaksfeber då dottera blei sjuk andre påskedag.

Treåringen hadde kvite område i ansiktet, raudt utslett, feber og ei eldraud tunge. Den såkalla bringebærtunga, som er karakteristisk for denne infeksjonen.

Folkehelseinstituttet (FHI) åtvarar i siste vekerapport om ei tydeleg auke av invasive GAS-infeksjonar samanlikna med åra før covid-19.

Auken har vore tydelegast etter nyttår og blant barn under ti år.

Askøy legevakt, som sjekka Amelia over videotelefon, avviste ifølge Bruvik foreldra sin teori.

– Ho som vurderte henne kommenterte tunga, men meinte det ikkje var noko poeng å komme inn. Dei sa ikkje noko om kva anna dei meinte det kunne vere, seier far Mathias Hauge.

– Svigermor, som er sjukepleiar, ringde legevakta og lurte på kva Amelia mangla av symptom, sidan ho hadde dei alle. Då sa dei at dei skulle konferere med lege og ringe opp igjen, seier Bruvik.

Ifølge henne blei dei aldri ringt opp.

I staden fekk dei akuttime hos fastlegen neste dag. Der blei det konstatert skarlaksfeber, og treåringen blei sett på antibiotikakur.

Kan klage

Askøy legevakt har fått ei rekke spørsmål om kva for vurderingar som blei gjort i denne saka. Dei har blitt fritatt frå teieplikta.

– Dersom nokon opplever at dei har fått feil behandling ved Askøy legevakt, er det høve til å klage til oss eller statsforvaltar. Vi har rutinar for gjennomgang av klagar og ein kan få svar på spørsmål knytt til klagen. Utover dette ønsker vi ikkje å kommentere denne enkeltsaka nærmare, skriv konstituert leiar for samfunnsmedisin i kommunen, Christine Bakke, til BA.

Bakke har heller ikkje per tysdag ettermiddag svart på generelle spørsmål om legevakta sine rutinar for konsultasjonar ved mistanke om skarlaksfeber hos barn.

– Unner ingen dette

Antibiotikakuren kom éin dag for seint som følge av at legevakta avviste skarlaksfeber, meiner mora.

Ikkje lenge etter, på fredagen, fekk treåringen vasskoppar. Ho blei truleg smitta av storebroren.

Kombinasjonen gav «sinnssjuke mengder vasskoppar og smerter», seier mora. Vasskoppane spreidde seg til «bringebærtunga», og auga var hovne.

– Som mor er dette ikkje greitt. Eg skulle ønske eg kunne tatt alt frå henne til meg sjølv. Eg håper aldri nokon skal måtte gå gjennom dette. Det er heilt gale. Berre det å gi henne smertestillande er ein kamp det òg, seier mora.

Søndag hadde tilstanden til Amelia blitt så ille at ho blei innlagt på Barneklinikken. Medan pappa Mathias var på Haukeland, var mamma Anne-Sophie heime med dei to gutane deira. Minstemann på ni månader hadde no også fått vasskoppar.

Då BA møtte familien på tysdag, var Amelia framleis prega av sjukdommane.

– Vi fortel dette for at ingen andre skal oppleve å bli avvist når dei kontaktar lege med mistanke om skarlaksfeber. Då risikerer ein at barnet kan bli sjukare enn om dei hadde fått behandling så raskt som mogleg, seier Bruvik.

– Ikkje forsvarleg med videokonsultasjon

– Det går an å ha fleire sjukdommar samtidig. Det beste er at barnet blir vurdert av lege personleg, anbefaler Finn Greve-Isdahl, spesialist i barnemedisin hos Aleris.

Han meiner det å diagnostisere barn over video ikkje er spesielt gunstig.

– Videokvaliteten kan vere varierande, og eg finn det ikkje forsvarleg. Du har ikkje moglegheit til å observere barn og forelder på same måte som gjennom ein personleg konsultasjon, eller til å ta blodprøve. Det er sjølvsagt betre enn ingenting, men ikkje til å anbefale på barn, seier Greve-Isdahl.

– Sjeldan barn leggjast inn

Greve-Isdahl seier på generelt grunnlag at vi har god tilgjenge på legar, og at norske legar er godt trente til å fange opp skarlaksfeber.

– Særleg på bringebærtunga som er kjent. Det er eit teikn på auka immunrespons og auka blodgjennomtrenging, og dermed raud tunge.

Det skjer sjeldan, etter det han kjenner til, at barn leggjast inn på sjukehus for skarlaksfeber.

Det er ikkje optimalt at små barn med utrent infeksjonsforsvar kjemper mot fleire infeksjonar samtidig, seier han.

– Det kan forlenge begge sjukdommane, og gjere infeksjonane meir komplisert og verre. Kroppen har stort sett nok med éin infeksjon, seier Greve-Isdahl.

Konsekvensane av fleire infeksjonar samtidig kan bli forverra og forlenga sjukdomsgang, seinskadar på nyre, ledd og organ kan oppstå.