– Me er på staden for å låsa opp ein bom. Det dreier seg truleg om eit akuttoppdrag i terrenget, seier Vidar Trettenes i Sogn brann og redning.

Mannskap frå Røde Kors er på staden og det er mange turgåarar i terrenget laurdag som har sett aktivitet frå naudetatar i det poplære turterrenget ved Festingedalen/Kyndelstjørn.

Vest politidistrikt har ikkje informasjon om ulukke eller alvorleg hending på staden.