Gå til sidens hovedinnhold

Alvorleg trafikkulukke i Flåm - ein person er omkomen

Artikkelen er over 1 år gammel

Tre bilar og tre personar involvert.

Politiets operasjonssentral melder klokka 20.15 at ein person er erklært død etter ulukka i Flåm fredag kveld.Operasjonsleiar Bjarte Rebnord opplyser i ei pressemelding at ein person er køyrd til sjukehus, skadeomfang er ukjent.Varsling av pårørande til den omkomne personen er sett i verk, opplyser politiet.Det var tre bilar og tre personar involvert i ulukka som skjedde kl 18.38, om lag 100 meter aust for Fretheimstunnelen på E16.Vegen er stengt og naudetatane er framleis på staden. Politiets krimteknikarar er kalla ut saman med ulukkesgruppa til Statens Vegvesen.Per no er Gudvangatunnelen, Flenjatunnelen og Fretheimtunnelen stengt som følgje av ulukka.Politiet prøver saman med Vegtrafikksentralen og organisera omkøyring og eventuelt kolonnekøyring med ledebil i området på E16.

 

Meldt tidlegare i kveld:

Politiet melder på twitter klokka 18.45 at det har skjedd ei trafikkulukke ved Fretheimstunnelen.Naudetatar er på veg og skadeomfanget er ukjent.Ulukka skal ha skjedd på austsida av tunnelen og tunnelen er no stengd.Brannvesenet er på staden og foreløbig informasjon går ut på at tre bilar skal vere involvert.Ein fastklemd person er frigjort og luftambulansen er på veg til staden, melder politiet like etter klokka 19.00.E16 er stengt, melder vegtrafikksentralen Vest. Det gjeld både Fretheimstunnelen og Gudvangatunnelen.Det skal ha danna seg lang kø i begge retningane.Sogn Avis sin reporter på staden seier at det er to ambulansar pluss luftambulanse på staden.Ulukka skal ha skjedd like ved Kolakaien i ein slak høgrekurve om du kjem i retning frå Flåm.Alle dei tre involverte bilane er personbilar, men det skal ikkje vere glatt på staden.Saka blir oppdatert.

Kommentarer til denne saken