Gå til sidens hovedinnhold

Alvorleg skadd i arbeidsulukke: – Det var eit helvete

Med beinet knekt tvers av, ringde mannen 112. Der fekk han beskjed om at han måtte slå eit anna nummer.

For abonnentar

– Eg var ikkje ved mine fulle fem der og då, det er heilt sikkert. Eg trur eg berre har tenkt at 112 er nummeret til ambulansen, for eg ser i ettertid at eg har prøvd å ringa det nummeret frå mobilen først, men eg kom ikkje gjennom, for det er ikkje dekning der nede i bunkeren, fortel den 29 år gamle elektrikaren.

– Beinet stakk ut

Han ynskjer ikkje namn og bilete i avisa, men fortel gjerne om det som skjedde under det som i utgangspunktet var eit rutinemessig oppdrag ved kyrkja på Borgund sist fredag.

Han heldt på å festa ein fasadeskrue då trappestigen han stod på tippa bakover. I fallet vart høgrefoten hans hengjande fast i stigen.
Elektrikaren seier han skjønte fort at det ikkje hadde gått så veldig bra.



– Eg trengde ikkje akkurat noko røntgenbilete eller lege for å skjøna at foten var knekt, det greidde eg godt heilt sjølv. Beinet stod rett ut av leggen, det var sikkert litt blod òg, eg såg ikkje så nøye på det, for å vera heilt ærleg. Det viste seg seinare at begge beina i leggen var knekt tvers av.

Det han derimot umiddelbart skjønte, var at han måtte ha hjelp.

– Eit helvete

– Eg prøvde å ropa på hjelp først, men det var ingen i nærleiken. Og sidan det ikkje var mobildekning, måtte eg komma meg til den fasttelefonen som er der inne, der det er naudlinje.

– Der og då verka det veldig langt, sjølv om det berre er nokre meter bort til trappa og kanskje fem-seks steg opp, seier han.

Med den skaden han hadde, var det alt anna enn enkelt.

– Fotbladet låste seg for kvart steg, så eg måtte heisa beinet opp etter meg, det var eit helvete, faktisk. Då eg endeleg fekk tak i telefonen, slo eg i vanvara 112 og kom til ein person i andre enden av linja. Eg sa eg måtte ha ein ambulanse til Borgund stavkyrkje så fort som berre f..!

– Vedkomande spurde kvar dette var, eg sa det var i Lærdal.

Kom til feil distrikt

– Då var svaret: no er du komen til 112, så eg anbefalar deg å leggja på og ringa 113, fortel elektrikaren på telefon frå sjukehuset i Førde, der han har vore sidan fredag.

– Eg vart litt forbanna, må eg innrømma, og det kokte litt i toppen akkurat då, så eg la berre på då eg fekk dette svaret. Så ringde eg 113 i staden, men då kom eg til feil distrikt, slik at operatøren måtte setta meg over til Helse Førde. Då kom eg endeleg fram til nokon som kunne hjelpa, fortel han.

Etter kvart kom det ambulanse til staden, men det enda med at elektrikaren vart frakta til Førde med helikopter.

Politiet oppretta sak

Seinare på ettermiddagen varsla arbeidsgjevarane hans politiet om arbeidsulukka.

Tenestestadleiar ved Årdal lensmannskontor, Magne Knudsen, stadfestar at politiet fekk denne meldinga og at det rutinemessig er oppretta sak på hendinga.

Ifølgje Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), kan alle naudetatar varsla seg i mellom og formidla anrop vidare til ein annan naudetat dersom det er naudsynt.

Seksjonsleiar ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt, Kjetil Øyri, seier til Sogn Avis at rutinane er klare i slike tilfelle.

– Dersom nokon ringjer inn her og har behov for hjelp, anten av politi, brannvesen eller helse, blir dei kopla vidare til rett etat – dette er det faste prosedyrar på, seier Øyri.

Han kan førebels ikkje seia noko om kva som har skjedd i akkurat dette tilfellet.

– Står fram som rart

– Men så sant me er i stand til å oppfatta kva som er problemet, gjer me det me kan for å hjelpa. Det er umogleg for meg å seia korleis denne samtalen har vore, men det er slik at det handlar om korleis vedkomande som ringjer greier å forklara kva som er problemet og kor mykje det hastar.

– Alt slikt skal vurderast utifrå den informasjonen ein har, og så må me også seia at me av og til gjer feilvurderingar, utan at eg kan seia om det er det som er tilfellet her.

– Vårt mål er å hjelpa publikum som ringjer og viser til andre. Det står fram som rart at noko anna skal vera situasjonen, seier seksjonsleiaren.

Fekk god hjelp

Kommunikasjonssjef i Caverion, Helene Johansen Facchini, tykkjer det er trasigt at den tilsette måtte snakka med tre ulike operatørar for å få tak i ambulanse.

– Med tanke på dei smertene han hadde, er det trist å tenkja på. Me er sjølvsagt veldig glade for at det etter tilhøva no står bra til og at han er ved godt mot.

Sjølv seier elektrikaren at han er blitt teken godt vare på av helsevesenet og av arbeidsgjevar etter hendinga. Han har hatt to operasjonar i foten allereie, og må gjennom enda ein før han kan tenkja på å komma seg heim.

– Eg har mykje smerter, men det går etter måten bra, seier han.

Kommentarer til denne saken