Gå til sidens hovedinnhold

Alle testane i Lærdal negative

Smitteoppsporinga i Lærdal vart avslutta onsdag. Resultata av alle testar som er gjennomførte er negative, skriv kommunen fredag.

Det var tysdag at Lærdal kommune fekk varsel om ein positiv koronatest. Ti nærkontaktar vart identifiserte og varsla om karantene.

Sjølv om smittevegen var ukjend, meinte smittevernlege Frode Myklebust det var liten risiko for smittespreiing. Den spådomen viste seg å slå til.

Kommentarer til denne saken