Alle i Sogndal kommunestyre fekk vite kven varslarane er – berre ein representant vart kjend inhabil

Kommunestyret i Sogndal lukka møtet då dei torsdag skulle drøfte saka om erstatning til barnevernsvarslarane. Årsaka var mellom anna at dei ikkje kunne gjera eit gyldig vedtak utan å ha avklåra habiliteten til samtlege representantar.