– Aldri før har flytande rente på studielån vore lågare

GODE VILKÅR: Nina Schanke Funnemar opplyser at flytande rente i Lånekassen vert sett ned til 1,539 prosent frå 1. september.

GODE VILKÅR: Nina Schanke Funnemar opplyser at flytande rente i Lånekassen vert sett ned til 1,539 prosent frå 1. september. Foto:

Frå 1. september blir flytande rente i Lånekassen sett ned til 1,539 prosent. Det er lågaste flytande studielånsrente nokosinne.

DEL

Flytande rente vil frå 1. september vera 0,62 prosentpoeng lågare enn dagens flytande rente, som er 2,159 prosent. Sidan mars i år har flytande studielånsrente blitt sed ned med like over eitt prosentpoeng frå 2,599 prosent.

– Aldri før har flytande rente på studielån vore lågare enn den vil vera frå 1. september, seier Nina Schanke Funnemar, administrerande direktør i Lånekassen.

Sist flytande rente var tilnærma like låg var i 2016, då renta ein periode var nede på 1,756 prosent, heiter det i ei pressemelding.

Basert på marknadsrenter

Renta i Lånekassen er basert på utrekningar frå Finanstilsynet. Både fast og flytande rente i Lånekassen blir rekna ut frå eit snitt av dei fem beste tilboda på bustadlån i marknaden.

Flytande rente med verknad frå 1. september er basert på marknadsrentene på bustadlån slik dei var gjennom mai og juni.

Ni av ti

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.

669 300 av Lånekassens kundar har flytande rente på studielånet sitt, medan 37 800 har fast rente.

Neste høve for å binde renta på studielånet er 10.– til 17. august.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken