Adams scora sitt første for året: – Håpar han kan festa seg på eit relativt høgt nivå i år

SCORA: Jerome Akor Adams (20) opna målkontoen i 2020 i dagens kamp mot Flora Tallinn i Estland.

SCORA: Jerome Akor Adams (20) opna målkontoen i 2020 i dagens kamp mot Flora Tallinn i Estland. Foto:

Den nigerianske kraftspissen opna målkontoen i 2020 då sogndølene spelte 2–2 mot Flora Tallinn onsdag.

DEL

20-åringen kom seg fri framfor 16-meteren før ti minutt var spelt av kampen i den estlandske hovudstaden, og skaut inn 1–0 via foten til ein forsvarsspelar.

Det var Adams – som fort kan bli førsteval i årets sesong – sin første scoring i 2020.

– Han var delaktig i spelet, brukte styrkane sine og sprang godt i bakrom. Å scora hjelper på sjølvtilliten, og han verkar å vera på ein fin veg. Det ser bra ut, og me håpar han kan festa seg på eit relativt høgt nivå i år, seier Håvard Flo, som følgde kampen frå tribuneplass i Tallinn.

Mannsverk serverte Totland

Heimelaget utlikna til 1–1, før Tomas Totland ordna 2–1 før pause.

Sogndal spelte seg inn i midten av bana, Sivert Mannsverk fekk ballen på rundt 20 meter, løfta den elegant over forsvaret og fann Totland som kom på eit fint løp. Åleine med keeper var han sikker. Etter kvilen utlikna Flora til 2–2, som blei sluttresultatet.

– Det var ein god gjennomkøyring, og fram til om lag 60 minutt hadde me bra trykk. Flora bytta seg opp i kvalitet ut over i kampen, og mot slutten var det dei som pressa på, fortel Flo.

Gode tendensar

Han fortel om lovande individuelle og kollektive prestasjonar den første timen i Baltikum.

– Kombinasjonsspelet var bra, me var aggressive gjenvinningsfasen, og det er ein tydeleg struktur og mønster. Spelarane er uredde, står på og jobbar hardt. Det er artig å sjå. Igoh Ogbu stod fram, det same gjorde Akor og Alioune Ndour. I tillegg var Sivert og Tobias Bjørnebye flinke til å balansera sentralt i bana, seier Flo.

Sogndal spelar ny kamp i ettermiddag, i den Sogn Avis-sendte kampen mot Florø på Fosshaugane. Den ser du her.

Artikkeltags