– Han er funnen, er det første politibetjent og innsatsleiar Erik Skjerdal seier når han ringjer opp att til Sogn Avis.

– Det var redningshelikopteret som fann han.

Guten hadde vore på tur med skuleklassen sin til Skagasetfjellet, då han kom bort frå resten av turfølgjet. Siste observasjon av guten vart ifølgje Hovudredningssentralen for Sør-Noreg gjort litt over klokka 14.

Ut over dagen vart store redningsmannskap sende ut for å leita etter han, samstundes som helikopter leita frå lufta.

– Me har sendt eit redningshelikopter frå Florø som hjelper til i søket. Det er politiet i Bergen som koordinerer, og dei har innsatsleiar på staden som sender ut frivillige leitemannskap. Mannskapa har kome fram og sett i gang søk på staden, fortalde Steinar Vatne i Hovudredningssentralen for Sør-Noreg torsdag ettermiddag.

Kommunedirektør i Sogndal kommune, Tor-Einar Holvik Skinlo, seier guten var på skuletur.

– Mange tilsette har vore med og leita i heile ettermiddag. Dette skjedde på ein skuletur, og det var ei kort stund guten var ute av syne. Det vart sett i gang leiting relativt raskt etter det. Me har sett beredskapsleiing, og følgjer prosedyrane for det.

Ifølgje meldingane Skjerdal har fått er guten i bra form, trass nokre timar ute åleine.

– Redningshelikopteret plukka han opp og tok han deretter med til Haukåsen for å fylla bensin. Dei har sagt at dei kan flyga han tilbake til Leikanger etterpå. Etter det me forstår har han teke feil av vegen, og det var i bratt og ulendt terreng dei fann han, seier Skjerdal.

– Det eg veit om tilstanden hans er at mannskapet på helikopteret seier han er i bra form.

Guten vart funnen i Henjadalen, som ligg nedanfor fjellet han og skulen hadde vore på tur i.