Gå til sidens hovedinnhold

782 tonn lam på fryselager

Artikkelen er over 1 år gammel

Prognosane viser at det også i år kjem til å bli produsert meir lammekjøt enn mengda som har blitt seld dei siste åra.

Ved årsskiftet vart det 2.891 tonn lammekjøt på lager, no er det altså redusert til 782 tonn, skriv Nationen.

Prognosane for slaktinga i haust tilseier ein produksjon på 19.000 tonn, og venta overskot på 1.135 tonn lam.

– På sau er det ein brukbar marknadsbalanse, men framleis ligg det lam på lager, seier Ole Nikolai Skulberg, direktør for Totalmarked kjøtt og egg, avdelinga i Nortura som tar seg av marknadsreguleringa, til Nationen.

Overskot av sau har vore den største utfordringa dei siste åra. For lam er det framleis ikkje balanse, og Skuberg seier dei har i seinare år hatt relativt mykje på lager, men at dei har hatt mykje betre uttak av lam frå reguleringslager i år enn dei har brukt å ha.

Kommentarer til denne saken