Til asfalt vil det gå med om lag 60 millionar kroner. Det betyr at 72 kilometer fylkesveg vil få eit nytt og tryggare dekke.
I fjor blei det asfaltert for om lag 172 millionar kroner i tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland fylke.
– Lite pengar
– I år har me lite pengar til asfaltering, så samanlikna med i fjor blir det ikkje så mange fylkesvegar som får nytt dekke og asfalt, seier Åsmund Sekse, leiar for vedlikehald sør i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Han seier at det ser ut til at det kjem meir midlar til dekkelegging neste år.
Dekkearbeidet vil starte i midten av mai og det blir trafikkdirigering på alle plassar der asfaltering skjer.
I Sogn får desse strekningane nytt dekke:
Vik: fv. 5603 Krossveghola, 3125 meter.
Luster: fv. 5641 Stølsnestnl – Veitastrond, 5392 meter og fv. 604 Gjerde – Bergset, 5418 meter.
Årdal: fv. 53 Bermåltunnelen – Sandnes x5, 3837 meter.
Balestrand: fv. 13 Dragsvik FK, 527 meter.
Kommentarer til denne saken