69 kommunar frå heile landet er råka av smitteutbrotet på Hurtigruten

Av dei er sju kommunar i Vestland fylke.

DEL

Folkehelseinstituttet (FHI) har varsla 69 kommunar om å følgja opp i underkant av 400 passasjerar frå dei to seglasa med MS Roald Amundsen som er råka av koronasmitte.

Smittesituasjonen gjeld seglas frå 17.–24. juli, og frå 25.–31. juli. Hurtigruten oppgjev at seglasa hadde same besetning, men forskjellige passasjerar. 33 av mannskapet er blitt stadfesta smitta med covid-19. I tillegg har éin av passasjerane frå den første seglasen testa positivt.

– Passasjerane på dei to seglasa må i karantene, og blir følgt opp av den lokale helsetenesta der dei bur. Karantenen gjeld i ti dagar etter ein gjekk av skipet, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

– Dette er allereie eit stort utbrot, og me er bekymra for ytterlegare spreiing, seier ho.

Laurdag kveld er kommunefordelinga som følgjer:

Agder (4), Innlandet (5), Møre og Romsdal (3), Nordland (4), Oslo (1), Rogaland (8), Troms og Finnmark (7), Trøndelag (7), Vestfold og Telemark (5), Vestland (7), Viken (18).

Sogn Avis får opplyst at det ikkje er kjennskap til at nokon frå Indre Sogn skal vera verken smitta eller i karantene.

– Eg har ikkje kjennskap til at me har nokon i karantene i Sogndal eller Vik relatert til utbrotet på Hurtigruten, seier tenesteleiar for helse i Sogndal kommune, Jan Ove Tryti.

– Eg kan bekrefta at eg ikkje har fått melding om at innbyggjarar frå våre kommunar har vore på Hurtigruten, fortel kommunelege i Årdal, Lærdal og Aurland, Frode Myklebust.

Bård Lilleeng, vikarierande kommunelege i Luster er heller ikkje kjend med at dette gjeld nokon frå Luster kommune.

I Sunnfjord kommune er to sett i karantene, skriv Firda.

Artikkeltags