KONTROLL: Over 12.000 personar nytta bilbelte. Det syner resultata frå kontrollane Statens vegvesen nyleg har helde i heile landet. (Illustrasjonsfoto: Statens vegvesen)

569 passasjerar fekk gebyr i beltekontroll

Statens vegvesen heldt kontroll sist veke.

Publisert 18.03.2019 kl. 15.54.

Kontrollen var landsdekkjane og viste at 751 busspassasjerar sat utan belte i bussen. 


696 passasjerar fekk gebyr. 


Dei resterande 182 passasjerane som sat usikra blei ikkje ilagde gebyr på grunn av usikker observasjon, melder Statens vegvesen i ei pressemelding. 


Dei usikra utgjorde likevel mindretalet- 12.339 passasjerar hadde hugst å festa beltet. 


Ungdom er målgruppa

- Mange er flinke til å hugsa beltet, men vanen sit ikkje like godt hjå alle. Vissheita om at du kan bli kontrollert, gjer at du lettare hugsar betltet. Då har kontroll ein viktig effekt på trafikktryggleiken, også for dei som ikkje blir kontrollerte, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen i pressemeldinga. 


Dei unge tek mest buss og er dårlegast til å bruka belte. Unge i alderen 15-29 år er difor hovudmålgruppa for Belte i buss-kampanjen. 


 


Les meir om: Nyhende Ung Trafikk