Rundt 500 søkjarar har meldt seg til dei om lag 100 ledige stillingane innan infrastruktur og veg i nye Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunane får nye oppgåver på vegsida frå 1. januar 2020. Oppgåver knytt til planlegging, utbygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegnettet blir overførte frå Statens vegvesen. Den nye avdelinga skal ha kring 300 årsverk, og i overkant av 200 frå vegvesenet og dagens fylkeskommunar er komne på plass. Dei tilsette i avdelinga vil ha arbeidsstad på ulike stadar i det nye fylket. Dei resterande 100 stillingane vart lyste ut tidlegare i oktober, og søknadsfristen gjekk ut 23. oktober.
500 søkjarar til 100 vegstillingar
Artikkelen er over 3 år gammel