Sogndal kommune var på førehand uroa for om nok folk ville koma for å få vaksine tysdag i romjula. Dei stod klare med 600 dosar, og måndag kveld var 140 av dei ledige.

- Me kan melda om at nesten 500 møtte. Så takk til alle som heiv seg rundt, og bestilte time, seier varaordførar Vibeke Johnsen.