40- åring omkom i Flåmsdalen - usikre på dødsårsaka

Publisert 02.09.2019 kl. 16.13. Oppdatert kl. 16.17.

Politiet har framleis ikkje fått svar på kvifor 40-åringen som omkom laurdag, sykla utfor Rallarvegen i Flåmsdalen.


Regionlensmann i Sogn, Inger Lill Lanes, seier til Nrk at dei ikkje har fått indikasjonar på at sykkelen var årsak til ulykka.


- Det var bremsespor på staden. Me kan ikkje umiddelbart sjå at det var noko i vegen med sykkelen, seier ho.


Les meir om: Nyhende Aurland