– I fjor fekk me inn søknader for til saman 1,9 millionar kroner. I staden for å smørja det tynt utover, valde me heller å konsentrera oss om dei beste prosjekta og gje nok pengar til at det utgjorde ein skilnad. Me kjem nok til å leggja oss på same linja i år, seier redaktør og dagleg leiar i Sogn Avis, Arve Uglum.

Saman med Trine Grøttebø og Leif Lunde utgjer han juryen som i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB og Amedia skal dela ut den lokale potten i Sogn. Til saman skal Amedia sine lokalaviser dela ut 25 millionar kroner i 2022.

For unge

Pengane er øyremerkte tiltak som skal skapa aktivitet for born og unge på fritida, og tiltaka skal vere berekraftige over tid.

– I fjor kjøpte me ein hest, mellom anna. Det tykte me var moro å bidra med, seier Uglum.

Var ikkje budde på å få så mykje: – Å fy flate, det er fantastisk

– Me opplever det som ei viktig oppgåve for oss som samfunnsinstitusjon å bidra med midlar til dei som vil skapa gode lokalsamfunn. Å ver med og utvikla lokal kultur og identitet er ei viktig rolle for oss som lokalavis. Me har lyst til å vera ei positiv kraft ut utviklinga i Sogn, seier Uglum.

Gåvetildelinga skjer 15. mai, og søknader skal leverast her.