Gå til sidens hovedinnhold

30 nye millionar til ladepunkt og andre klimasatstiltak

Kommunar og fylkeskommunar kan framleis søkja om tilskot for å redusera utslepp av klimagassar. Det er sett av 30 millionar til siste runde av utdelinga i 2021. Fristen for å søkje er 15. november.

Det opplyser Statsforvaltaren i Vestland.

Klimasatsmidlane går til prosjekt som bidreg til å kutta utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Det er Miljødirektoratet som fordeler midlane. Gjennom seks år er det no gitt midlar til nærare 1500 ulike prosjekt i norske kommunar. Kommunar som får støtte må rapportera på klimaeffekt og resultat før midlane vert utbetalte.

I denne runden kan det søkjast om tilskot til meirkostnader for klimatiltak i konkrete innkjøp, tidleg kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg og ladepunkt. Det siste berre for kommunar som har fått lite, eller inga støtte til dette tidlegare.

Kommentarer til denne saken