– Dette er eit historisk møte i fylkesutvalet. Me er i ein heilt spesiell situasjon. Det er viktig at me gjer kvarandre gode og tek imot innspel og råd. Me skal løysa dette på best mogeleg måte, sa fylkesordførar Jon Askeland, Sp.
Arbeidsløyse
Mange næringar slit, innan reiselivsnæringa i Vestland er arbeidsløysa no 26 prosent. For å hjelpa næringslivet og bedriftene har fylkesutvalet vedteke ei tiltakspakke på 22,1 millionar kroner til reiseliv og beslekta næringar, leverandørindustrien innan olje og gass, små- og mellomstore bedrifter, bedrifter i startfase og tiltak retta direkte mot bedrifter gjennom avtale med Innovasjon Norge. Også kulturlivet får støtte frå fylkeskommunen. Dette skal dempa verknaden av koronaepidemien, skriv fylkeskommunen på sine heimesider.
Viktig
– Tiltakspakke Vestland er eit viktig bidrag frå fylkeskommunen for å bøte på situasjonen med manglande inntekt. Me har telefonmøte, er tett på og skal peika på løysingar. Me har god dialog med kommunar og næringar, sa Askeland som er uroa over den veksande arbeidsløysa.
Over påske skal Vestlandsrådet møtest for å laga ein landsdelsstrategi. Dei tre fylkeskommunane Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland er med i Vestlandsrådet.
Hindre spreiing av smitte
Smittefara medfører at fylkeskommunen gjennomfører bruk av heimekontor ut april månad. Det inneber at alle politiske møte ut månaden blir videomøte. Kva som skjer i mai, blir bestemt seinare.
– Me gjer alle naudsynte tiltak for å hindre spreiing av smitte, sa fylkesrådmann Rune Haugsdal.
Er gjennomført
Ein del av tiltakspakka til fylkeskommunen er alt gjennomført. Mellom anna har bedrifter per 8. april fått 3,4 millionar kroner til bedriftsintern opplæring. Totalt har fylkesutvalet sett av 11,4 millionar kroner til dette.
4,4 millionar kroner er gått til å styrkja Innovasjon Norge. Pengane blir brukt til bedrifter i distriktsdelar av Vestland fylke.
Dramatisk
Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, Per Morten Ekerhovd, peika på at situasjonen for kultur og idrett er dramatisk. Store delar av aktiviteten er stengt ned. Det er ikkje publikum å spela for, og dette pregar økonomien for mange av institusjonane.
Fylkeskommunen gjev driftsstøtte til 140 aktørar. Til fylkestinget i juni skal ein samla analyse av situasjonen bli lagt fram med tilråding om kva fylkeskommunen kan bidra med, spesielt på område der staten og andre ikkje bidrar, opplyser fylkeskommunen.