Det seier Atle Skrede i fylkeskommunen, initiativtakar og primus motor for dagsturhyttene i heile fylket.I desse dagar er ei 76 sider stor brosjyre på veg ut i Sogn og Fjordane. Den inneheld turskildringar og bilete frå alle dei 26 dagsturhyttene.

Gratis

Brosjyren skal delast ut gratis, og vert kalla dagsturhyttene si Opptur-bok.- Til no har me marknadsført dagsturhytteprosjektet på nettsida vår, Instagram og Facebook. Brosjyren syter for at me når ut til enda fleire. Det trykte formatet gir oss også høve til å oppsummera den fantastiske utviklinga frå sprø idé til eit samla tal hyttebesøk som snart tilsvarar tre gongar folketalet i fylket, seier Skrede.

God reklame for fylket

Totalt har dei 26 hyttene ein prislapp på 33 millionar kroner. Kommunane har bidrege med tre millionar. Resten kjem frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Norsk Tipping, fylkeskommunen, momsrefusjon og fylkesbiblioteket.- Dagsturhyttene er eit unikt samarbeidsprosjekt skapt av fylkeskommunen og eigarstiftinga vår. Prosjektet har vorte lagt merke til i resten av landet, og er i ferd med å bli kopiert andre stadar. Difor er denne brosjyren også god marknadsføring av Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Der folk er

Om kort tid vert brosjyren tilgjengeleg ulike stadar kringom i kommunane. Dei skal liggja på dei fleste møteplassane, som til dømes legesenter, treningssenter, bankkontor, overnattingsstadar, rådhus og skular.- Ta deg ei brosjyre du også, og ta deg ein tur til eitt av dei 26 nye turmåla i nærleiken av der du bur, oppmodar Skrede. Forfattar Stig Roger Eide står for tekst og bilete i brosjyra, og Ivar Høyvik i Rakkar AS har stått for utforminga.