Gå til sidens hovedinnhold

243 analyserte prøver- tre positive

Helse Førde opplyser at tre av dei 243 analyserte koronatestane laurdag var positive.

Prøvetakingskommune for dei positive prøvene er Stad.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å senda koronaprøver som dei har teke. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men kun ei liste over dei prøvene som er analysert hjå helseføretaket, går det fram av nettsida.

Onsdag, torsdag og fredag var ingen av prøvene analyserte ved Førde sentralsjukehus positive. Helse Førde hadde laurdag ein innlagd person med stadfesta covid-19-smitte.

Kommentarer til denne saken