24 hjortevilt drepne i trafikken kvar dag

Av

Nesten 8.600 rådyr, elg, hjort og villrein blei påkøyrde av bil eller tog i jaktåret 2019/20. Det tilsvarar i gjennomsnitt 24 viltpåkøyrslar kvar dag.

DEL

Det var flest viltpåkøyrslar i perioden oktober til desember, medan det var færrast påkøyrslar om sommaren, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

I alt blei 12.300 hjortevilt registrert døde utanom jakta i jaktåret 2019/20, viser nye tal frå statistikken Avgang av hjortevilt utanom ordinær jakt. Det er ein nedgang på 13 prosent frå føregåande jaktår.

Trafikken var som vanleg den viktigaste dødsårsaka. Til saman blei 7.800 hjortevilt drepne av bil og 800 av tog.

Elg og rådyr er mest utsette i trafikken. I alt blei vel 6.100 rådyr, 1.500 elg og 1.025 hjort drepne i trafikken i løpet av jaktåret 2019/20. Det inneber ein nedgang på 3 prosent for rådyr, 1 prosent for hjort, medan for elg var det inga endring frå førre jaktår.

(©NTB)

Artikkeltags