OPPGRADERING: Tussviktunnelen på fylkesveg 55 i Balestrand blir oppgradert. (Foto: Per Henning Sæle)

Tussviktunnelen blir oppgradert

Tussviktunnelen på fylkesveg 55 i Balestrand og Kvernbergtunnelen på fylkesveg 509 i Førde skal no oppgraderast.

Publisert 08.10.2019 kl. 15.00.

Men ikkje utan komplikasjonar.


Kontrakten vart først yst ut i 2018 og Norsk Bergsikring fekk jobben etter at dei leverte eit tilbod på 29 millionar kroer for begge prosjekta.


Dei starta også på arbeidet i januar, men i mars heva Vegvesenet kontraktenog etaten gjekk i gang med in ny tilbodsrunde.


Det er Veier 24 som skriv dette.


Mangla ISO

- Me hadde generelt ein god prosess med entreprenøren, men Vegvesenet som byggherre opplevde at firmaet ikkje hadde den gjennomføringsevna som me ynskte. Det gjekk litt på framdrift og litt på andre ting. Firmaet var kvalifisert gjennom tilbodsprosessen, og viste vilje til å retta på ting, men ikkje i tilstrekkeleg grad, seier seksjonsleiar Tone Anette Espe i Vegvesenet til Veier24.


Ho presiserer at dei har eit godt samarbed med entreprenøren i andre kontraktar.


Norsk Bergsikring opplyser til avisa at saka er avslutta frå deira side og at dei ikkje har ytterlegare kommentarar.


Tre tilbod

Tre firma leverte tilbod i den nye tilbodsrunden. Mesta leverte det rimelegaste tilbodet med 33.399.898 kroner. BMO Tunnelsikring hadde eit tilbod på 35.295.500 kroner og Implenia leverte eit tilbod på 39.999.257 kroner.


Mesta og Implenia gav også pris forrige gong. Mesta leverte no ein pris som var ein del lægre enn sist, Implenia låg ein god del høgare.


Les meir om: Nyhende Balestrand Trafikk