NY LØYPEREKORD: Geir Steig, Luster IL, sette ny løyperekord i Balestrand opp. (Foto: Sigrid Nese Thue)

Han var raskast i Balestrand Opp - sette ny løyperekord

Både i herre- og kvinneklassen vart det sett ny løyperekord.

Publisert 14.09.2019 kl. 19.02. Oppdatert kl. 19.10.

Laurdag vart motbakkeløpet Balestrand Opp arrangert for femte gong.


Starten gjekk frå hagen på framsida av Kviknes Hotel og målgang var på toppen av Raudmelen (972 moh). Løypa er 5,8 kilometer lang.

BESTE KVINNE: Anita Iversen Lilleskare vart beste kvinne. (Foto: Sigrid Nese Thue)

Vinnar

Raskast av alle var Geir Steig, Luster IL. Han kom i mål på tida 40.19.0. Dermed slo han løyperekorden til Øyvind Heiberg Sundby frå i fjor med 16 sekund.


Like bak Steig kom Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjavle, i mål på tida 40.23.6. Nummer tre vart Vegard Holsen, Førde IL, 42.10.8.


Beste kvinne

Raskaste kvinne til topps vart Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb. Ho kryssa målstreken på tida 47.13.7.

Lilleskare slo med det Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, sin løyperekord frå 2015 med litt over to minutt.

Sunniva Skurset, NVE, kom i mål på andreplass med tida 54.21.8. Nummer tre vart Eirin Aasen Kvalheim, Måløy IL, på 55.51.8.

Sjå heile resultatlista her.

Les meir om: Sport Balestrand

Siste saker Gå til framsida